print logo

Norsk skolestatistikk 1660- 1853

Prosjektet Norsk skolestatistikk 1660 – 1853 vart utvikla og drive av professor Knut Tveit gjennom ein tjueårsperiode fram til vinteren 2012 då han døydde. Målsettinga var å utarbeide ein skolestatistikk for heile landet i perioden frå 1660 fram til 1853.

Om prosjektet

Skuleutviklinga i denne perioden har ikkje vore kjent før, fordi den første trykte skolestatistikken kom først i 1837. Før den tid finst opplysningar om skolen berre i arkiva. Prosjektet var tenkt å omfatte allmugeskolane, dei vidaregåande skolane og yrkesskolane i perioden, både på landet og i byane. Også dei private skolane inngjekk i prosjektet. På landet var det stort sett berre allmugeskolar (det som seinare blei folkeskolar og grunnskolar), og det fanst få slike skolar før 1740-åra. Byane derimot fekk dei første offentlege allmugeskolane i andre halvdel av 1600-talet, medan dei vidaregåande skolane (katedralskolane) kom 500 år tidlegare.

Prosjektet gir den eldre skolehistoria eit sikrare empirisk grunnlag enn det som til nå har vore tilgjengeleg. Det vil også kunne vere til hjelp og inspirasjon for lokal skolehistorie. Og sidan statistikkane ligg på nettet, vil det vere enkelt å oppgradere dei når nytt kjeldemateriale måtte kome for dagen.

Då Knut Tveit døydde, var han på det næraste ferdig med den første delen av prosjektet som omfatta allmugeskolane på landet. Det stod igjen å ferdigstille statistikken for Finnmark, samt å utarbeide ein landsdelstatistikk for Nord-Norge og ein oversiktsstatistikk for heile landet basert på statistikkene frå dei ulike landsdelane. Dette arbeidet er i 2012 blitt sluttført av forskergruppa Humaniorastudier i pedagogikk gjennom engasjement av vitenskaplege assistentar. Dei øvrege delane av prosjektet som mellom anna skulle ta for seg allmugeskolane i byane og dei vidaregåande skolane er ikkje utarbeida, men vi har valgt å behalde dei som overskrifter/ linkar i prosjektpresentasjonen for å illustrere heilheita i prosjektet.

Statistikkane slik dei no føreligg, viser situasjonen for allmugeskolen på landet i kvart fylke, i kvar landsdel for åra 1660, 1700, 1730, 1745, 1775, 1805, 1818, 1837 og 1853, og for landet i si heilheit.

 

Harald Thuen
 

Publisert 3. mai. 2012 14:58

Kontakt

Harald Thuen

+47-22856054

harald.thuen@ped.uio.no