Kvalitetsforskjellar mellom gode og middels gode elevtekstar

Kva får elevane til når dei skriv tekstar, og kva strever dei med eller ikkje får til? Kva er det gode tekstar har, men som middels gode manglar? Kva er i så fall dette gode i dei gode tekstane?

Kvalitetsforskjellar mellom gode og middels gode elevtekstar.

Kva får elevane til når dei skriv tekstar, og kva strever dei med eller ikkje får til? Kva er det gode tekstar har, men som middels gode manglar? Kva er i så fall dette gode i dei gode tekstane?

Kva skil gode tekstar frå middels gode?

Avhandlinga er om skrivekompetane i norsk ved avslutta grunnskole, nærare bestemt kvalitetsforskjellar mellom gode og middels gode tekstar frå eksamen i 10. klasse. Det er grenseoppgangen mellom karakterane 4 og 5 som er utforska, med mål om å fange opp kvalitetsforskjellar mellom dei to karakternivåa.

Praksisfeltet og språket i bruk

Forsking på elevtakstar og elevanes skrivekompetanse i skulekonteksten knyter prosjekter til praksisfeltet og til språket i bruk. Språkbruksperspektivet gjer at avhandlinga kan plasserast innanfor vitskapsdisiplinen anvendt språkvitskap, men at det praksisnære blir kombinert med teoriutvikling. Ved hjelp av etablerte teoriar frå språk- og tekstvitskapen, er det konstruert nye teoretiske modellar som kan seie noko om den typen kvalitetsforskjellar som prosjektet har jakta på.

Å tolke meining i to ulike typar tekstar

Studien er kvalitativ og teksttolkande, der det handlar om å tolke meining i to ulike tekstar, utfylte vurderingsskjema og elevtekstar. Det unike med materialet er at kvar elevtekst er vurdert av tre sensorar i tillegg til dei to ordinære.

Tekststruktur, truverd, engasjement og rettskriving

Analyser av et stort antal utfylte vurderingsskjema frå sensorane resulterte i fire kriterium som synest å utgjere kvalitetsforskjellar mellom dei to karakternivåa: tekststruktur, truverd, engasjement og rettskriving.

Skrive og vurderingsfeltet i Noreg

Prosjektets bidrag kan knytast til skulekonteksten, der vurderingskriterium utgjer eit viktig pedagogisk verktøy i arbeid med elevanes skriveutvikling og til forskningsfelt som er opptekne av elevanes læringsutbytte, tekstkompetanse og kriterieproblematikk. Såleis har prosjektet tilført ny kunnskap på felt som departementet sidan 1990-talet har lagt føringar for i ulike nasjonale dokument, der satsing på kompetanse, kvalitet og vurdering har blitt framheva.

Publisert 6. mars 2013 09:19 - Sist endret 6. mars 2013 09:22