Organisasjon

Fleire instansar er involverte i styringa av instituttet. Øvste organ er instituttstyret, som tek overordna avgjerder om økonomi og tilsettingspolitikk og studium ved instituttet gjennom behandling av budsjett og rekneskap, utlysingar og tilsetjingar og årsplanar ved instituttet.

I tillegg til den ordinære verksemda har instituttet ei eining for kvantitative utdanningsanalysar (EKVA). ILS er vertskap for ProTeD – senter for framifrå lærarutdanning, som drivast i samarbeid med UiT – Norges arktiske universitet. Instituttet har også ei eining for støtte til kvalitativ forsking ved bruk av video- og audiodata, Teaching Learning Video Lab (TLVL). 

Les meir om

Oversikt over organ og instansar ved instituttet

Leiingsinstansar:

Funksjon:

Instituttstyre

Overordna føringar for verksemda

Instituttleiing 

Dagleg leiing og utvikling av forsking, undervising og formidling ved instituttet, medrekna  personalansvar. Leiinga består av:

  • Instituttleiar
  • Kontorsjef
  • Forskingsleiar
  • Undervisingsleiar
  • EKVA-leiar

Studieinstansar:

Funksjon:

Studieutval (UV)

Studieutvalet er eit organ på fakultetet. Instituttet er representert ved undervisingsleiar. Utvalet er leidd av studiedekan og handsamer alle utdanningssaker ved fakultetet.

Styringsgruppa for lektorprogrammet (STYLE)

Styringsgruppa for lektorprogrammet (STYLE) er studieutval for Lektorprogrammet med eit særskilt ansvar for å følgje opp studiekvalitet og eit rådgjevande organ for UV-dekanen i spørsmål som gjeld programmet. STYLE er leidd av studiedekanen ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet, og  studiedekanane ved dei fem aktuelle fakulteta og to studentrepresentantar er medlem.

Programråd

Koordinerande ansvar for studia. Felles for alle studieprogramma som blir drivne frå instituttet. Utpeikt av fakultetet etter forslag.

  • Programråd for Lektorprogrammet
  • Programråd for praktisk-pedagogisk utdanning
  • Programråd for master i utdanningsleiing

Alle programråd har eksterne representantar og studentrepresentantar.

Fagråd

 Felles for einskilde studium som blir drivne frå instituttet.

  • Fagråd for ILS si emneportefølje i Lektorprogrammet
  • Fagråd for ILS sin prosjektportefølje innan EVU
  • Fagråd for forskaropplæring

Emneansvarlige koordineringsteam i lærarutdanningane

Emneansvarlege koordineringsteam er sett saman av:

  • Ein fagdidaktikar
  • Ein pedagog
  • Studieadministrativt ansvarlege for emnet

Desse har det faglege ansvaret for konkrete emne i dei ulike lærarutdanningsprogramma og  for planlegging, gjennomføring og evaluering av emne på det gjeldande studienivået.

Emneansvarlege

Fagleg ansvarlege for enkeltemne som har ansvar for å planleggje, gjennomføre og evaluere  emnet.

Lektorprogrammets programutval (LPU)

LPU – Lektorprogrammets programutval er studentane sitt fagutval. Dei arbeider for  velferd og rettar for studentane og for å betre utdanningsløpa  fagleg og organisatorisk. LPU er representert i aktuelle utval og program- og fagråd.

Forskingsinstansar:

Funksjon:

Koordinator for forskarutdanninga

Koordinerer undervisingstilbodet i doktorgradsprogrammet og følgjer opp stipendiatar.

Fagråd for forskaropplæring

Fagrådet er eit organ på instituttet. Fagrådet skal organisere og styrke instituttet sin del av forskaropplæringa og sikre kvaliteten på doktorgradskurs og midtveis- og sluttevaluering for PhD.-kandidatar. Forskarutdanningskoordinatoren ved instituttet er leiar for fagrådet.

Programrådet for forskarutdanning (UV)

Programrådet for forskarutdanning er eit organ på fakultetet. Instituttet er representert ved forskarutdanningskoordinator og forskingskonsulentar (ikkje stemmerett). Rådet handsamer forskarutdanningssaker og er siste instans ved opptak på PhD-program.

Rådet for forskingssaker (UV)

Rådet for forskingssaker er eit organ på fakultetet. Instituttet er representert ved forskingsleiar. Rådet for forskingssaker tar opp alle saker som speler ei forskingsstrategisk rolle på  både fakultetet og institutta.

Publisert 12. okt. 2010 14:45 - Sist endret 17. juli 2017 14:29