Historikk

Pedagogisk forskingsinstitutt har hatt eit omflakkande liv og halde til i ulike bygningar ved UiO. Det har også vore store endringar i dei faglege interessene som har vore i fokus i forsking og studium ved instituttet sidan opprettinga av instituttet.

Eilert Sundts gate 40 (t.h.)
(3. høgda) (1940–1958)

Universitetet i Oslo har utdanna lærere heilt sidan opprettinga i 1811, men det skulle gå nesten 100 år før kandidatene i tillegg til fagutdanningane også fikk praktisk-pedagogisk utdanning (ved Pedagogisk seminar fra 1907, i dag Institutt for lærarutdanning og skoleforskning, ILS). Deretter skulle det igjen gå 30 år før det blei mogleg å studere pedagogikk ved UiO. I begge tilfella var det skolen sine folk i samarbeid med styresmaktene som stod bak, og formålet var å auke kvaliteten i skole og utdanning gjennom ei forbetra lærarutdanning. Då initiativet til eit pedagogisk institutt blei teke av ein regjeringsoppnemt skolenemnd i 1933 var det behovet for forskning innanfor skole og utdanning som var hovudsaka, noko som blei understreka ved namnet på det nye instituttet: Pedagogisk forskningsinstitutt (PFI). Fire år seinare blei instituttet vedteke oppretta, og 1. januar 1938 tok Helga Eng til i stillinga som professor i pedagogikk.

I tillegg til professoren hadde instituttet ein stipendiat, og desse to utgjorde heile lærarstaben like til 1955, då Hans-Jørgen Dokka blei den første universitetslektoren ved instituttet (og den første dosenten to år seinare). Talet på vitskapleg tilsette auka jamt i 1950- og 60-åra, og var i 1970 komme opp i 27 og i 1995 opp i 38. Talet på stipendiatar var også jamt aukande, frå to i 1960-åra til sju i 1970-åra og til 15 i 1990-åra. I seinare tid har instituttet også hatt nokre personar med doktorgrad i post.doc.-stillingar. Instituttet har i dag (2007/2008) 33 fast tilsette i vitskapleg stilling, 29 stipendiatar og fem i post.doc.-stilling.

Wergelandsveien 15 (1. og 2. høgda) (1958–1968)

Den første som tok doktorgraden ved instituttet var stipendiat Einar Høigård, som fekk graden post mortem i 1945 (han omkom i tysk fangenskap under krigen). Dr.philos.-graden eksisterer framleis, men etter at instituttet oppretta ei eiga doktorgradsopplæring i 1987 har dei aller fleste av kandidatane valt denne graden (dr.polit., frå 2002 ph.d.).Universitetslektorane blei erstatta av amanuensar rundt 1970 og dosentane fekk opprykk til professorar i 1985. Sidan den tid har PFI hatt tre stillingsnivå: professorar, førsteamanuensar og stipendiatar (etter 2000 har det blitt tilsett nokre få universitetslektorar i mellombelse undervisningsstillingar).

Eilert Sundts hus,høgblokka (5. høgda) Helga Engs hus, lågblokka (2. og 4. høgda) (1968–1994)

Studietilboda bestod i starten av bifag, hovudfag og magistergrad (eit studium med stor valfridom hovudsakleg innretta mot forsking). Bifaget blei erstatta av grunn- og mellomfag frå 1957. Fire  år seinare fekk instituttet eit eige embetsstudium med innebygd praksis, og mastergradsstudiet blei då gradvis erstatta av dette nye studiet. Som eit resultat av dei turbulente 1970-åra hadde instituttet i ein tjueårsperiode frå 1974 to studiealternativ – eitt i pedagogikk og eitt i sosialpedagogikk. Frå slutten av 1980-åra blei det gradvis etablert eit fagområde for universitetspedagogikk med faste stillingar ved instituttet (FUP), samtidig med at Kollegiet (i 1989) bestemte at alle som blei tilsette i vitskaplege stillingar måtte ha pedagogisk basiskompetanse, og dei som mangla blei pålagde skaffe seg dette i løpet av to år. Den nye studiestrukturen ved UiO blei innført ved PFI hausten 2003: cand.mag.-graden (fire år) blei erstatta av bachelorgraden (tre år) og hovudfaget og embetseksamen blei erstatta av mastergraden. Instituttet har no i alt seks ulike masterar: éin allmennmaster, to profesjonsmasterar og tre internasjonale masterar (den første blei oppretta i 1998).Talet på studentar ved instituttet var i starten omlag 30. Talet auka jamt til eit maksimum på omlag 1200 rundt 1970, og etter ein periode med svakare rekruttering var talet på ny oppe på 1200 midt i 1990-åra. I perioden med to studiealternativ hadde sosialpedagogikken rundt rekna ein tredel  av studentane. Instituttet har for tida 1230 studentar.

Helga Engs hus (5. høgda) (1994–)

Instituttet hadde ingen tilsett i administrasjonen dei første 20 åra: arbeidet blei utført av innleigd hjelp (studentar og andre) inntil Edel Sandbugt blei fast tilsett som kontorfullmektig i 1957. Talet på tilsette i administrasjonen auka til åtte i 1970-åra og til ti i 1990-åra. I samband med at PFI gjekk over til UV-fakultetet i 1996 blei ein del av administrasjonen overført til fakultetet (deriblant heile IT-gruppa). Instituttet har i dag 12 administrativt tilsette.

PFI har tilhøyrt tre ulike fakultet: HF (til 1963), SV (1963-1996) og UV (1996 - ). I denne perioden har instituttet vore mykje på flyttefot, frå Eilert Sundts gate nede i byen til Eilert Sundts hus og Helga Engs hus på Blindern.

 

Publisert 28. sep. 2010 15:33 - Sist endret 15. mars 2016 13:38