Organisasjon

Instansar som er involvert i styringa av instituttet.

Øvste organ er styret som tek overordna avgjerder om økonomi og tilsettingspolitikk og studium ved instituttet gjennom behandling av budsjett og rekneskap, utlysingar og tilsetjingar og årsplanar ved instituttet. I tillegg til den ordinære verksemda, er instituttet kopla til LINK - Senter for læring og utvikling, som tilbyr kurs i universitetspedagogikk for alle tilsette ved UiO, samt rettleiing knytt til dette fagfeltet.

Her er oversikt over organ og instansar som er del av leiing og styring av instituttet:

Leiingsinstansar:

Funksjon:

Instituttstyret Overordna føringar for verksemda.
Instituttleiinga  Dagleg leiing og utvikling av forsking, undervisning og formidling ved instituttet, medrekna også personalansvar.
Lokalt innstillingsutval Innstillingsutval for tilsetting i rektrutteringsstillinger
Studieinstansar: Funksjon:
Programråd Overordna ansvar for kvalitet i studia. Felles for alle studieprogram som blir drivne frå instituttet. Utpeikt av fakultetet etter forslag . Rådet har to studentrepresentantar.
Undervisningsutvalet Programrådet er undervisningsutval i dei sakene som vedkjem studia og som ikkje er omfatta av programrådet sitt ansvarsområde.
Nivåkoordintaorer Faglege ansvarlege på kvart studienivå som har ansvar for å ta avgjerder om undervisning, litteratur og vurderingsformer og evaluering av emne på det gjeldande studienivået. Nivåkoordinatorane er også medlemmer i programrådet.
Emneansvarlege Faglege ansvarlege for enkeltemne som har ansvar for å ta avgjerder om undervisning, litteratur, vurderingsformer og evaluering.
Fagutvalet Organ som blir valt av studentar ved instituttet sine program og som er representert i programrådet
Forskningsinstansar: Funksjon:
Koordinator for forskerutdanninga Koordinerer undervisningstilbodet i doktorgradsprogrammet
Programrådet for forskarutdanning Programrådet for forskarutdanning er eigentleg eit fakultært organ. Instituttet er representert ved forskarutdanningskoordinator og forskingskonsulent (ikkje stemmerett). Rådet behandlar alt av forskarutdanningssaker og er siste instans ved opptak på PhD program.
Rådet for forskningssaker

Rådet for forskingssaker er også eit fakultært organ. Instituttet er representert ved forskingsleiar. Rådet for forskingssaker tek opp alle saker som speler ei forskingsstrategisk rolle både fakultært og på einingsnivå.

 

Publisert 28. sep. 2010 14:55 - Sist endret 4. juli 2023 12:53