Instituttstyret

Instituttstyret blir valt. Styremedlemmer blir valde blant dei tilsette ved instituttet og studentane.

Instituttstyret blir valt for ein periode på 4 år. Styremedlemmer blir valde blant dei tilsette ved instituttet og studentane.

Samansetninga av styret er regulert av styrings- og administrasjonsreglementet for instituttet. Styret har slik samansetning:

  • 4 fast vitskapleg tilsette (leiar og nestleiar inkludert)
  • 1 mellombels vitskapleg tilsett (stipendiatar og post.doc)
  • 1 teknisk/administrativt tilsett
  • 2 studentrepresentantar (som blir valde av studentane)
  • 1 ekstern

Det blir oppnemnt vararepresentantar for alle styremedlemmene.

Styremedlemmer i perioden 2017-2022

Representantar for dei fast vitskaplege tilsette

Representant for dei mellombels vitskaplig tilsette

Teknisk-administrativ tilsette

Studentrepresentantar

Eksternt styremedlem

Rolle

Instituttstyret er det øvste avgjerdsorganet ved instituttet. Styret vedtek overordna mål, prioriteringar og strategiar for instituttet. Instituttleiar er leiar i styret, og førebur sakene som skal behandlast. Administrativ leiar er sekretær, men ikkje styremedlem. Alle møte i instituttstyret er normalt opne. Styret kan lukke møtet i nokre saker, slik at berre styremedlemmer og sekretær er til stades. Styret praktiserer ansvaret sitt basert på vedtak i universitets- og fakultetsstyret, og innanfor dei lover, forskrifter og reglar som til kvar tid gjeld.

Saker

Dei fleste sakene styret behandlar er regulert i styrings- og administrasjonsreglementet for instituttet..

Styret behandler

  • Årsplan og budsjett.
  • Overordna planar, prinsipp og prioriteringar for verksemda, nedfelt i langtidsplanar, som for eksempel strategisk plan og faglege prioriteringar for instituttet
  • Godkjenning av rekneskap og årsrapport er eit av styret sine instrument for å følgje opp verksemda.
  • Den interne organiseringa i avdelingar, faggrupper osv. blir også behandla av styret, innanfor rammer som fakultetsstyret fastset.
  • Ved tilsetjingar av instituttleiar innstiller styret kven som bør tilsetjast. Innstillinga blir behandla av fakultetsstyret, som har avgjerdsmyndigheit ved tilsetjingar.
  • Innstillingar til faste og mellombelse faglege stillingar blir gjorde av styret på bakgrunn av sakkunnig vurdering. Innstillinga blir behandla av tilsetjingsutvalet (TUV) ved fakultetet, som har avgjerdsmyndigheit ved tilsetjingar.
Publisert 28. sep. 2010 14:36 - Sist endret 8. feb. 2017 15:01