Randi M. Sølvik

Friluftsliv kan opne for andre formar for samhandling og deltaking enn det ein vanleg skulekvardag gjer. Det å gripe augneblinkane og skape, understøtte og ta vare på meiningsfulle situasjonar og relasjonar er sentralt.

Foto: Privat

Kva har du forska du på?

Formålet med undersøkinga har vore å auke kunnskapen om friluftsliv som sosialt læringslandskap, i lys av opplevingane til ungdom i sosial risiko. Dette har eg gjort ved å rette fokus mot (i) kva som kjenneteiknar sosial læring i friluftsliv, og (ii) kva som kjenneteiknar læringsressursane i friluftsliv.

Ungdom i sosial risiko er forstått som ungdom som av ulike individuelle, relasjonelle og situasjonelle grunnar er i risiko for ei negativ sosial utvikling. Dei utvalte ungdommane har omfattande negative skule- og læringserfaringar. Dei er del av skjøre og utfordrande sosiale relasjonar og  er i særleg risiko for å falle ut av skulen, og utvikle eller vedlikeholde psykososiale og åtferdsrelaterte vanskar. Ungdommane i denne undersøkinga er alle elevar ved alternative ungdomsskular, spesielt tilrettelagt for ungdom med psykososiallærings- og åtferdsproblematikk.

Kva har du kome fram til?

Undersøkinga indikerer at ungdommane si sosiale læring i friluftsliv er knytt til deira deltaking og samhandling i ulike situasjonar. I friluftsliv blir ungdommane utfordra i møte med reelle, fysiske og praktiske oppgåver. Dei padlar kano, tenner bål eller sett opp telt. Samstundes krev aktivitetane og situasjonane at ungdommane samhandlar for å løyse desse oppgåvene. Korleis dei to i kanoen klarar å samhandle med kvarandre og i møte med endringane i naturen vil til dømes påverke ungdommane sine læringserfaringar og meistringserfaringar. Ungdommane knytt såleis sine læringsopplevingar og meistringsopplevingar til eigen deltaking i aktivitetar og i fellesskapet.

Kontekstuelle faktorar

Ungdommane si deltaking og samhandling framhevar ulike kontekstuelle faktorar som er særeige for friluftsliv som sosialt læringslandskap. I doktoravhandlinga er desse omtale som kroppslege og sosiale læringsressursar. Dei kroppslege læringsressursane er framheva gjennom ei auka rørsle og fysisk aktivitet i naturen, den ibuande risikoen i naturen og naturopplevinga i friluftsliv. Dei sosiale læringsressursane er framheva gjennom ei kroppsleg samhandling mellom deltakarane, der ungdommane er aktive saman i eit praktisk fellesskap. Vidare er miljøendringa frå kvardagen og det særeigne fellesskapet rundt bålet framheva som sosiale læringsressursar, saman med ei dynamisk vaksenrolle. Friluftsliv kan såleis opne for andre formar for samhandling og deltaking enn det ein vanleg skulekvardag gjer. Medlæringa framstår sentral i dette praktiske fellesskapet.

Muleggjerande og utfordrande praksisfellesskap

Læringsressursane fører ikkje i seg sjølv til positive sosiale læringserfaringar for ungdommane. Undersøkinga framhevar forskjellar mellom skulane og forskjellar mellom ungdommane sine opplevingar. Dette framhevar mellom anna korleis ulike læringsressursar må forvaltast gjennom pedagogisk planlegging og tilrettelegging. Det å gripe augneblinkane og skape, understøtte og ta vare på meiningsfulle situasjonar og relasjonar er sentralt. Praksisfellesskapa i friluftslivet kan både vera muleggjerande og utfordrande for ungdommane, og læringsressursane kan både opne og lukke for sosial læring. Synleggjeringa av den enkelte og den enkelte si deltaking i fellesskapet i friluftsliv er utviklande for enkelte, men truande og skremmande for andre. Fellesskapet blir så gjennomsiktig og tydeleg. Såleis kan både meistring og manglande meistring bli særleg synleg i denne konteksten. Kunnskap om truslane i friluftsliv er sentralt for å ivareta born og unge med ulike behov i pedagogisk samanheng.

Korleis har du gått fram?

Eg har fulgt to alternative ungdomsskular i eitt år. Den pedagogiske praksis og bruk av friluftsliv på kvar skule har fungert som kasus. I løpet av eitt skuleår har eg gjennomført deltakande observasjonar av skulane sine turar og aktivitetar i natur. I etterkant av observasjonane har eg intervjua alle elevane (13 ungdommar). Enkelte elevar vart intervjua fleire gonger. Det er ungdommane sine opplevingar av eiga sosial læring og av friluftsliv som sosialt læringslandskap som har vore i fokus.

Eg avslutta datainnsamlinga med gruppeintervju av lærarane ved dei to skulane. Dette blei gjort for å auke forståinga av den enkelte skule sin pedagogiske tilrettelegging og bruk av friluftsliv.

Kor har du henta idear og problemstillingar frå?

Personleg har eg lang erfaring innafor friluftslivsfeltet. Eg er voksen opp med turar og aktivitetar i naturen. Denne erfaringa og interessa tok eg med meg inn i utdanninga, kor eg i to år studerte friluftsliv-, natur- og kulturveiledning ved Høgskulen i Bø i Telemark. I 2003 skreiv eg mi hovedoppgåve i Spesialpedagogikk, ved UiO, med fokus på friluftsliv og sosial læring.

Friluftsliv er mykje brukt i generell pedagogisk praksis gjennom kroppsøvingsfaget, uteskule og leirskule. Vidare er praktisk arbeid eller fysisk aktivitet i naturen mykje brukt i møte med ungdom med ulike læringsvanskar, atferdsproblematikk, kriminell bakgrunn eller rusproblematikk. I denne samanheng blir friluftsliv brukt både med pedagogiske og terapeutiske målsettingar nasjonalt og internasjonalt. Erfaringane med desse tilnærmingane er framheva som positive i mange samanhengar, men det førekjem lite evaluering og forsking på desse praksisane, særleg i Norge og Norden. I eit praksisfelt der pedagogane i stor grad sit med positive erfaringar og forhåndskunnskapar, var det særleg interessant å rette fokuset mot elevane sine opplevingar og meiningar om denne praksisen.

Kvifor er denne forskinga viktig?

Denne forskinga bidreg til å auke kunnskapen om friluftsliv som kontekst for læring. I pedagogisk samanheng er det nyttig med kjennskap til læringsressursane i ein kontekst. Med auka kunnskap om læringsressursane i friluftsliv kan ein lettare utnytte potensiala i pedagogisk praksis. Ein kan planlegge for utfordringar og mulegheiter i møte med elevane sine læringsprosessar. Såleis kan ungdommane sine opplevingar vera med å muleggjere tilrettelegging av læring for born og ungdom i friluftsliv.

Kva ser du som utfordringar for ditt forskingsfelt framover?

Det er viktig med vidare forsking på norske og nordiske tilnærmingar til friluftsliv i pedagogiske praksisar, då dette er eit praksisfelt som er lite forska på. Fleire kasusstudium eller samanliknande studiar av utvalte praksistilnærmingar vil kunne gje rikare og meir detaljert bilete av eit komplekst fenomen. Vidare vil ulike forskingstilnærmingar kunne gje utfyllande forståing av dette feltet.

I dagens utdanningspolitikk er det lagt stor vekt på målbar, isolert og dekontekstualisert kunnskap. Det kan då vera ein utfordring å argumentere for sosiale læringsverdiar og bruken av alternative læringskontekstar. Eg meiner det er særleg viktig i spesialpedagogisk samanheng å undersøke potensialet som ligg i erfaringsbasert læring i meiningsfulle situasjonar og kontekstar. Det å lytte til born og unge sine opplevingar er likeeins avgjerande for å betre kunne legge til rette for deira positive og meiningsfulle læringsspiralar.

Publisert 25. nov. 2013 10:37 - Sist endret 15. sep. 2014 12:38