Forskar fra UiO ser på film med autismebriller

Anders Nordahl-Hansen som forskar på autisme ved Institutt for spesialpedagogikk, har sett på korleis filmskaparar framstiller sentrale karakterar med autismetrekk.

Postdoktor Anders Nordahl-Hansen ved Institutt for spesialpedagogikk, UiO har undersøkt 26 populære rollefigurer med autismetrekk i filmar og tv-seriar, som Saga Norén i Broen. Illustrasjonsfoto: Colourbox.

I takt med at talet TV-seriar eksploderer, ser vi fleire og fleire hovudroller med autistiske særtrekk. Om det er fordi konkurransen er så stor, at vi i publikum krev ein særegen hovudrolleinnehavar som vi lar oss fascinere av, eller om filmskaparane ynskjer å vere meir tro mot alle personlegdommar i det verkelege liv, er ikkje godt å seie.

Men no har postdoktor Anders Nordahl-Hansen ved Institutt for spesialpedagogikk, UiO, saman med Sue Fletcher-Watson ved Universitet i Edinburgh og Magnus Tøndevold undersøkt korleis diagnosekriterium for autisme heng saman med personlegdomstrekka i ein del populære filmar og seriar.

Stereotypiske framstillingar

Nordahl-Hansen meiner at sjølv om eit auka fokus på autismespekterforstyrringar er positivt, mellom anna gjennom fleire framstillingar av diagnosen i film og TV, ligg det òg ei fare i at framstillingane kan bli for stereotypiske.

–  At såpass mange av karakterane i vårt utval fekk ”full pott” på autisme-særtrekk reflekterer ikkje nødvendigvis realiteten, seier Nordahl-Hansen

Det kan verke som om mange konstruerer desse fiktive karakterane litt for rigid med omsyn til diagnosekriterium. Dette kan føre til ei arketypisk lærebokprega framstilling.

 

Kilde: Nordahl-Hansen, Tøndevold, Fletcher-Watson (in press): Mental health on screen: A DSM-5 dissection of portrayals of autism spectrum disorders in film and TV. Psychiatry Research.

Av Marika Vartun & Julia Boesen
Publisert 21. sep. 2017 14:18 - Sist endret 30. nov. 2017 11:25