Energi

Behovet for redusert energiforbruk blir stadig større. På vegen mot eit grønare Universitet i Oslo må ISP redusere sitt energiforbruk og effektivisere det attverande forbruket.

Foto: stock.xchng

ENØK-analyse

Som ein del av prosjektet Grønt UiO har Helga Engs hus gjennomgått ein ENØK-analyse og er blitt energimerka med kategori C. Det inneber at energiforbruket i bygget ligg mellom 143 og 191 kW-timar per kvadratmeter. Dette ligg over normalområdet for tilsvarande bygg i Osloregionen. 

Om vi reduserar vårt energiforbruk, vil vi bidra til ein meir energieffektiv drift og eit grønare UiO.

Sparetips

Med nokre enkle grep kan du medverke til å setje ned energiforbruket i Helga Engs hus:

 

  • Slå av lyset på kontoret når du går i møte og når du går for dagen.
  • Slå av lyset på møterom når det ikkje er folk der.
  • Ta mobilladaren ut frå støpselet når mobilen er lada ferdig.
  • Slå av PC-skjermen (maskina skal du ikkje slå av, du skal berre logge deg av).
  • Bruk trappa når du kan

 

Publisert 14. mars 2011 10:16 - Sist endret 4. nov. 2015 14:36