Resirkulering

Ein europear produserer i gjennomsnitt 1 kg søppel kvar dag, eller 7 kg i veka. Til saman blir det 365 kg søppel kvart år! Her finn du informasjon om kva og kor du skal resirkulere.

Foto: stock.xchng

Papp og papir

  • Papp og papir kan du kaste på kopirommet.
  • Kvart kontor har også ei pappeske til papir som skal til resirkulering.
  • Kvar torsdag står det ein container utanfor heisen der du kan kaste oppsamla papir.

Matrestar, restavfall og plast

Det vil kome nye avfalls- og miljøstasjonar på ISP.

  • Matrestar og restavfall skal du kaste i same søppelkasse.
  • Plast, som er tilgrisa, skal du kaste i same søppelkasse som matrestar og restavfall.
  • Plast, som ikkje er tilgrisa, skal du kaste i ein eigen søppelkasse for plast.

Glass- og metallemballasje

  • Reint og tørt glas og metall skal du kaste i ein eigen boks på kjøkenet. 

EE-avfall 

EE-avfall er elektriske- og elektroniske produkt, som lamper, lyspærer, mobiltelefonar med meir.

  • Denne typen avfall skal du leggje i EE-buret i kjellaren.
     

Farleg avfall

Farleg avfall er avfall som sjølv i små mengder kan forårsake skade på menneske, dyr og natur. Farleg avfall skal ikke oppbevarast i kontorområda.

  • Batteri leverast til resepsjonen, som tar det med ned til IT.
  • Tonerkassettar samlast i den store pappesken ved kopirommet i 3 . etasje eller takast med til EE-buret i kjellaren.
     
Publisert 14. mars 2011 10:40 - Sist endret 4. nov. 2015 14:37