Utskrift og kopiering

Her finn du nyttige tips om korleis du kan redusere papirforbruket ditt og utnytte datamaskina så godt som mogleg. Det er enkelt å engasjere seg i Grønt UiO-prosjektet. Kvifor ikkje byrje no?

Det er lett å lese og redigere dokument på datamaskina di. Foto: Stock.xchng

ISP er ein storforbrukar av papir, men om kvar enkel tilsett gjer ein liten innsats, kan papirmengda reduserast betydeleg. I tillegg vil vi redusere den total avfallsmengda og dei totale strømkostnadane, samstundes som vi får godt samvit for å gjere noko positivt for miljøet. Her følgjer nokre enkle instruksjonar som kan føre til mindre papirbruk.

Korleis skrive ut sider av ein artikkel eller ei bok

Dersom du skal kopiere bøker eller liknande skal du nytta reprosentralen.

Ofte skriv vi ut heile artikkelen sjølv om vi berre treng 1 - 2 sider av han, eller vi skriv ut heile boka når vi berre skal lese eit kapittel. Det tek ikkje lenger tid å skrive ut det du verkeleg treng. Berre følgj desse instruksjonane.


Du gjer det same med både PDF- og Word-filer:

  • Gå til «File»-menyen (Word - Office knappen) og  velj «Print».
  • No kjem det opp eit vindauge. I «Page range»-menyen velj «Pages» .
  • Skriv inn dei sidene du treng å skrive ut. Klikk deretter på OK.

Ver merksam på! Bruk talet som blir vist i Word- eller Adobe Reader-programmet, ikkje talet på sjølve dokumentet. I Word finn du talet heilt nedst på venstre side (til dømes «Page 3 of 92»), mens i Adobe Reader finn du det øvst på sida (det visast som «3/92»).

Korleis skrive ut utdrag?

Dersom du berre ønskjer å skrive ut eit utdrag:

  • Merk først teksten du treng. 
  • Gå til «File»-menyen (Word - Office knappen) og velj «Print».  
  • I «Page range»-menyen vel «Selection» og klikkar deretter på OK. Da er det gjort!

Korleis få dobbeltsidig kopi

Vi skal helst kopiere dobbeltsidig. Det er lett å gjere dette ved hjelp av desse instruksjonane.

  • Vel «Brukerbaner» på  skjermen til kopimaskinen.
  • Vel mellom 2 -> 2sidig (om dokumentet du vil kopiere er tosidig) og 1-> 2sidig (om dokumentet du vil kop er einsidig)
  • Trykk på talet kopiar du treng, og trykk deretter på den grøne knappen.

Korleis lagre eit dokument på eiga maskin

Om du lagrar eit dokument på di eiga maskin, har du høve til å opne, lese, kommentere og redigere dei. Ikkje gløym å lagre siste versjon av dokumentet eller å klikk på «Lagre» regelmessig når du arbeider med eit dokument.

PDF-filer

  • Gå til «File» og deretter til «Save a copy».
  • Vel det området du vil lagre fila på og klikk på «OK». No kan du opne dokumentet frå di eiga maskin, og du treng ikkje skrive det ut for å sjå på det seinare.

Det er mogleg å lagre kommentarar i Adobe Reader. Trykk på den gule knappen nede til høgre, og du kan skrive kommentarane dine i boksen som kjem fram.

Word-filer

  • Gå til «File» (den runde knappen øvst på venstre side, den såkalla Office-knappen) og klikk på «Save as».
  • No kan du velje kva slags format du vil lagre fila i.
  • Vel det området der du vil lagre fila, og klikk deretter på «OK».
  • Nå kan du opne dokumentet for lesing frå eigen maskin.
Publisert 17. mars 2011 15:57 - Sist endret 4. nov. 2015 14:38