Kandidatmarkering for lektorstudentar

Det utdanningsvitskaplege fakultet har gleda av å invitere vårens uteksaminerte masterkandidatar på Lektorprogrammet til kandidatmarkering.

Seremonien finn stad i Helga Engs hus, onsdag 7. juni, kl. 17:00 i auditorium 1. Her vil det bli kulturelle innslag, helsingar og overrekking av blomar og diplom til dei nye kandidatane. Etter seremonien vil det bli forfriskingar i vestibylen utanfor auditoriet.

NB: Sjølve vitnemålet vert ikkje delt ut under seremonien. Vitnemålet vert tilsendt i posten i byrjinga av haustsemesteret.

Grunna plassbegrensning i salen er det mogleg å ha med seg maks tre venar eller familiemedlemar på seremonien.

Dersom du er masterstudent ved studieprogramma i utdanningsleiing, pedagogikk eller spesialpedagogikk, finn du informasjon om kandidatmarkeringa på ei eiga informasjonsside.

Påmeldingsfristen er onsdag 24. mai. Meld deg på via nettskjema.

Velkomen!

 

Publisert 15. mars 2017 09:58 - Sist endret 15. mars 2017 10:16