Kandidatmarkering for lektorstudentar

Det utdanningsvitskaplege fakultet har gleda av å invitere vårens uteksaminerte masterkandidatar på Lektorprogrammet til kandidatmarkering.

Seremonien finn stad i Helga Engs hus, torsdag 14. juni, kl. 17:00 i auditorium 1. Her vil det bli kulturelle innslag, helsingar og overrekking av diplom. Etter seremonien vert det forfriskingar i vestibylen utanfor auditoriet.

Kandidatane kan ha med seg tre venar eller familiemedlemar på seremonien. Påmeldinga skjer via nettskjema med påmeldingsfrist torsdag 31. mai. 

Masterstudentar ved studieprogramma i utdanningsleiing, pedagogikk eller spesialpedagogikk finn informasjon om kandidatmarkeringa si på ei eiga informasjonsside.

Velkomen!

 

 

Publisert 15. mars 2018 10:56 - Sist endret 19. apr. 2018 09:40