Fakultetets historie

Det utdanningsvitskaplege fakultetet (UV) blei etablert 1. januar 1996 gjennom samanslåing av tre institutt og eit senter.

Det utdanningsvitskaplege fakultet

Det utdanningsvitskaplege fakultetet blei etablert med formål om å styrkje fokuset på utdanningsvitskapen, og UV er i dag blitt eit av dei største utdanningsvitskaplege forskingsmiljøa i Europa og det leiande multi-disiplinære utdannings- og forskingsmiljøet i landet innanfor dei utdanningsvitskaplege fagområda. Fakultetet har dermed eit nasjonalt ansvar for å forvalte ei stor fagleg breidd som også rommar fleire mindre kunnskapsområde.

Institutt for pedagogikk

Pedagogisk forskingsinstitutt, grunnlagt i 1938 med Helga Eng som første professor i faget, er det eldste i sitt slag i Noreg og kom til det nye fakultetet frå ei fortid som institutt ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Verksemda ved instituttet byggjer på tradisjonar frå både samfunnsvitskap og humaniora, med ei allmennpedagogisk og profesjonsretta innretning.

Institutt for lærarutdanning og skoleforsking

Institutt for lærerutdanning og skoleforskning har røter tilbake til etableringa av Pedagogisk seminar i 1907. Dåverande Senter for lærarutdanning og skoleteneste blei ein del av Universitetet i Oslo i 1988, og ein del av UV-fakultetet i 1996. Den opphavlege lærarutdannande hovudverksemda til Pedagogisk seminar er i dag utvida med internasjonal komparativ forsking og nye studieretningar innanfor blant anna skoleleiing.

Institutt for spesialpedagogikk

Institutt for spesialpedagogikk blei etablert som ein sjølvstendig lærarskole i 1961 under namnet Statens spesiallærarhøgskole. Spesialpedagogikk handlar om å integrere perspektiv knytte til opplæring og utvikling for menneske som på ein eller annan måte har vanskar med å dra nytte av vanlege opplærings- og oppvekstrammer. I 1990 blei skolen knytt til Universitetet i Oslo som ei sjølvstendig eining, før det blei ein del av Det utdanningsvitskaplege fakultetet i 1996.

Centre for Educational Measurement (CEMO)

CEMO vart etablert i 2012 som ei eining for psykometrisk forsking. Senteret skal bidra til ei nasjonal kompetanseutvikling innan pedagogiske målingar gjennom utdanning, forsking, formidling og rådgjeving.

 

Publisert 24. sep. 2010 12:36 - Sist endret 9. aug. 2017 13:16