Organisasjon
Det er fleire instansar involverte i styringa av instituttet.
Øvste organ er styret som tek overordna avgjerder om økonomi og tilsettingspolitikk og studium ved instituttet gjennom behandling av budsjett og rekneskap, utlysingar og tilsetjingar og årsplanar ved instituttet. I tillegg til den ordinære verksemda, er instituttet vertskap for Fagområdet for universitetspedagogikk som tilbyr kurs i universitetspedagogikk for alle tilsette ved UiO, samt rettleiing knytt til dette fagfeltet.
Oversikt over organ og instansar som er del av leiing og styring av instituttet
|
Leiingsinstansar: |
Funksjon: |
| Instituttstyret | Overordna føringar for verksemda. |
| Instituttleiinga | Dagleg leiing og utvikling av forsking, undervisning og formidling ved instituttet, medrekna også personalansvar. |
| Studieinstansar: | Funksjon: |
| Programråd | Overordna ansvar for kvalitet i studia. Felles for alle studieprogram som blir drivne frå instituttet. Utpeikt av fakultetet etter forslag . Rådet har to studentrepresentantar. |
| Undervisningsutvalet | Programrådet er undervisningsutval i dei sakene som vedkjem studia og som ikkje er omfatta av programrådet sitt ansvarsområde. |
| Nivåkoordintaorer | Faglege ansvarlege på kvart studienivå som har ansvar for å ta avgjerder om undervisning, litteratur og vurderingsformer og evaluering av emne på det gjeldande studienivået. Nivåkoordinatorane er også medlemmer i programrådet. |
| Emneansvarlege | Faglege ansvarlege for enkeltemne som har ansvar for å ta avgjerder om undervisning, litteratur, vurderingsformer og evaluering. |
| Fagutvalet | Organ som blir valt av studentar ved instituttet sine program og som er representert i programrådet |
| Forskningsinstansar: | Funksjon: |
| Koordinator for forskerutdanninga | Koordinerer undervisningstilbodet i doktorgradsprogrammet |
| Programrådet for forskarutdanning | Programrådet for forskarutdanning er eigentleg eit fakultært organ. Instituttet er representert ved forskarutdanningskoordinator og forskingskonsulent (ikkje stemmerett). Rådet behandlar alt av forskarutdanningssaker og er siste instans ved opptak på PhD program. |
| Rådet for forskningssaker | Rådet for forskingssaker er også eit fakultært organ. Instituttet er representert ved forskingsleiar. Rådet for forskingssaker tek opp alle saker som speler ei forskingsstrategisk rolle både fakultært og på einingsnivå |
Publisert 28. sep. 2010 14:55
- Sist endret 2. aug. 2011 13:15