Om studium i pedagogikk
Pedagogikk er faget for deg som er oppteken av korleis vi lærer og utviklar kunnskapar i samspel med andre personar i utdanning og arbeidsliv. I eit omskifteleg samfunn er kunnskap om korleis vi lærer og tar til oss kunnskap grunnleggjande viktig.
Pedagogikken har alltid hatt produksjon av kunnskap og overføring av kunnskap som ein sentral del av faget. I forskinga er ein for eksempel oppteken av korleis kunnskap kjem fram, blir grunnlag for verksemd og utvikla til fag som igjen er utgangspunkt og mål for alle former for kvalifisering. Eller den omvendte prosessen: Frå verksemd eller læreplan og undervisning, til erkjenning og meistring hos det enkelte individet. Ved slik å setje menneske, kunnskap og kultur i sentrum for faginteressa, har pedagogikken meir enn nokon gong plassert seg som eit sentralt fag i samtida. Derfor er også faget ein kunnskaps- og forskingsmessig føresetnad for vårt moderne samfunn.
Studietilbodet ved PFI er basert på ei nær kopling mellom undervisning og forsking. Det vil seie at temaa i studia har ei tydeleg forankring i nasjonal og internasjonal forsking. Det inneber også ei forskingsmessig tilnærming til kunnskap der det blir stilt krav om grunngivingar for ulike tolkings- og forklaringsmåtar.
Vi tilbyr hovudsakleg fulltidsstudium, men du kan sjølvsagt vere deltidsstudent ved å søkje redusert progresjon på dei fleste av utdanningstilboda våre.
Oversikt over studietilbodena ved PFI