International Scientific Advisory Board-møte 6. desember

Dei nye medlemane i International Scientific Advisory Board (eSAB) møttes for første gong fredag 6. desember.

BIlde av møtedeltakarane.

Frå venstre: Jarl Kleppe Kristensen, CEMO, Stephen Sireci, eSAB, Björn Andersson, CEMO, Cees Glas, eSAB, Sigrid Blömeke, CEMO, Petra Stanat, eSAB, Johan Braeken, CEMO, Ronny Scherer, CEMO, Anne-Catherine Lehre, CEMO (Rolf Vegar Olsen, CEMO, var ikkje til stades da bildet vart tatt).

Foto: Gunnhild N. Grønlid, UiO.

-Det var eit veldig godt, konstruktivt og interessant møte, sa senterleiar Sigrid Blömeke etter møtet.

eSAB vart etablert i 2016, og formålet er å gje tilbakemelding om CEMO si forsking, undervisning og aktivitetar, samt å promotere forsking mellom CEMO og andre internasjonale forskingsmiljø.

Styremedlemmene er kjente, erfarne kolleger frå liknande miljø i andre land. eSAB består av: Cees Glas, Professor, Universietet i Twente, Nederland, Petra Stanat, Professor, Humboldt-Universitetet i Berlin, Tyskland, Stephen Sireci, Direktør, Center for Educational Assessment ved Universitetet i Massachusetts Amherst College of Education, og Carolin Strobl, Professor, Universitetet i Zürich (ikkje til stades i møtet).

Publisert 9. des. 2019 10:00 - Sist endra 9. des. 2019 10:12