Kandidatmarkering for masterstudentane

Det utdanningsvitskaplege fakultet inviterte alle masterstudentane ved fakultetet til ei digital feiring den 15. juni.

Illustrasjonsbilde fra Colourbox.

Illustrasjon, Colourbox.

Kandidatane ved masterprogramma i utdanningsledelse, pedagogikk, spesialpedagogikk, Comparative and International Education, Higher Education, Special Needs Education og CEMO sitt eige masterprogram Assessment, Measurement and Evaluation deltok i markeringa. Grunna pandemien vart seremonien arrangert som eit webinar.

Program for kandidatmarkeringa

  • Velkomen ved studiedekan Melanie Kirmess
  • Song av Kvindelige Studenters Sangforening
  • Tale frå Studiedekan Melanie Kirmess
  • Tale frå instituttleiar, Ona Bø Wie, Institutt for spesialpedagogikk
  • Tale frå instituttleiar Dijane Tiplic, Institutt for lærerutdanning og skoleforskning
  • Tale frå instituttleiar Tone Kvernbekk, Institutt for pedagogikk
  • Tale frå senterleiar Sigrid Blömeke, Centre for Educational Measurement (CEMO)
  • Tale frå student Sigurd Winsnes, på vegne av kandidatene
  • Avrunding av kandidatmarkeringa ved studiedekan Melanie Kirmess
  • Song av Kvindelige Studenters Sangforening

CEMO gratulerer og takkar

Kullet som no er ferdig med mastergrad i Assessment, Measurement and Evaluation ved CEMO, er det andre kullet som blir uteksaminert etter at programmet starta opp. Både senterleiar Sigrid Blömeke og dei tilsette gratulerer studentane med vel gjennomførd masterprogram. 

Vi vil samtidig takke alle som har vore involvert i masterprogrammet, både fagleg og administrativt. Ei særskild takk går til professor Johan Braeken og studiekonsulent Siri Heslien, for deira solide oppfølging av både masterprogrammet og studentane.

 

Publisert 16. juni 2021 11:47 - Sist endra 16. juni 2021 12:53