Sigrid Blömeke formelt innlemma i Det Norske Videnskaps-Akademi

Tysdag 7. september var det årsmøte i Det Norske Videnskaps-Akademi, og Sigrid Blömeke mottok der diplomet på at ho er tatt opp som medlem i Akademiet.

Bilde av Sigrid Blömeke med diplomet.

Senterleiar Sigrid Blömeke med diplomet

Foto: Det Norske Videnskaps-Akademi/Thomas B. Eckhoff.

– Dette er ein stor ære fordi innvalget er basert på vitenskapelige meritter. Akademiet skal fremje den grunnleggjande og langsiktige forskinga, og det er noko eg seier meg absolutt enig i, seier Sigrid Blömeke, senterleiar ved CEMO.

Hans Majestet Kong Harald var óg til stades i si rolle som ærespreses i Akademiet.
Foto: Det Norske Videnskaps-Akademi/Thomas B. Eckhoff.

Preses Hans Petter Graver opna årsmøtet med ei forskingspolitisk tale om korleis grunnforsking kan bidra med å løyse utfordringa knytta til å fase ut oljen. Temaet blei gjenteke i årets hovedtale om «Det grøne skiftet» ved Unni Olsbye, som viste korleis Noreg kan bli eit lågutsleppsland innan 2050, gjennom ein kombinasjon av betre teknologi og mindre forbruk.

Etter møtet var det festmiddag i Speilsalen på Grand Hotel. Sjefredaktør i Aftenposten, Trine Eilertsen, held innlegg, og det var fleire kunstnariske innslag av medlemmer i Oslo-filharmonien.

Publisert 9. sep. 2021 14:28 - Sist endra 14. okt. 2021 13:20