Sigrid Blömeke vald inn i International Academy of Education

Professor og senterleiar ved CEMO Sigrid Blömeke er vald inn i det internasjonale vitskapsakademiet i utdanningsvitskap, International Academy of Education (IAE). 

Bildet kan inneholde: briller, visjon omsorg, øye, briller, erme.

Professor Sigrid Blömeke.

Foto: Øystein Andresen/UiO.

Akademiet består av rundt 60 av dei viktigaste forskarane innan utdanningsvitskap i verda, og Sigrid Blömeke er den første frå Noreg som er blitt vald inn. Det er kun to andre frå Norden som er blitt tatt opp som medlem i akademiet. Det er Professor Erno Lehtinen frå Finland og Professor Roger Sälsjö frå Sverige.

I godt selskap

─ Det var ei svært hyggeleg og overraskande nyheit å få. Eg har jo berre nyleg vorte innvald i Det Norske Videnskabs-Akademi og ante ikkje at eg nesten samtidig skulle heidrast på internasjonalt nivå òg. Utdanningsvitskap et eit stort forskingsfelt og sjansen for å passere gjennom nålauget er svært lite. Det er i alle fall eit veldig fint selskap å vere med i og det blir spennande å vere med på dei årlege møta der aktuelle forskingsstrategiske spørsmål blir drøfta, seier Sigrid Blömeke.

President akademiet er for tida Lorin W. Anderson, University of South Carolina (USA) og generalsekretær er Barry Fraser, Curtin University (Australia). Akademiets styre inkluderer Erik De Corte, University of Leuven (Belgia), María de Ibarrola, Center for Research and Advanced Studies (Mexico), Herbert Walberg, University of Illinois at Chicago (USA), Margaret Wang, Temple University (USA), og Douglas Willms, University of New Brunswick (Canada).

Vi gratulerer Sigrid Blömeke med denne utnemninga.

 

IAE held til ved «Royal Academy of Science, Letters and Fine Arts of Belgium» i Brussel. Meir informasjon om International Academy of Education finn du på deira nettside (ekstern lenke).

Publisert 14. feb. 2022 11:12 - Sist endra 15. feb. 2022 08:05