Internasjonale samarbeidspartnarar
CEMO har underskrive samarbeidsavtalar med viktige partnarar innan forskingsfeltet. Avtalane skal promotere internasjonal forsking og styrke samarbeidet med institusjonane. Dei skal også gje eit berekraftig og synleg internasjonalt bidrag innan områda pedagogiske målinger og evaluering.
Avtalar er inngått med følgjande senter/grupper:
- International Association for the Evaluation of Educational Achievement (IEA) Data Processing and Research Center, Hamburg, Tyskland (ekstern lenke)
- Leibniz Institute for Science and Mathematics Education, Kiel, Tyskland (ekstern lenke)
- Luxembourg Center of Educational Testing (LUCET) og forskergruppen Computer-Based Assessment (CBA), University of Luxembourg, Luxemburg (ekstern lenke)
CEMO og dei tre institusjonane har vorte einige om å fasilitere for samarbeid for å styrkje den felles forskingsprofilen og bli meir synlege internasjonalt. For å få til dette skal vi utvikle felles aktivitetar som å etablere rutinar for utveksling og kommunikasjon, felles forskingsbesøk hos dei andre institusjonane, felles doktorgradsrettleiing, felles symposium på vitskaplege konferansar, og felles søknadar for finansiering av internasjonale prosjekt, til dømes innanfor H2020-området.