Cand.philol. Eli Bjørhusdal

Avhandlingens tittel er:

Mellom nøytralitet og språksikring: Norsk offentleg språkpolitikk 1885-2005.

Monografien Mellom nøytralitet og språksikring: norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005 har norsk offentleg forvaltning av nynorsk og bokmål som emne og undersøkjer særleg statens strategiar for det minst brukte av dei to norske skriftspråka; nynorsk. Eit sentralt føremål er å omgrepsfeste praksisen til og ideane bak norsk språkpolitikk i diakront ljos, for så å kunne seie noko om konsekvensane språkpolitikken i dag. Materialet er om lag 140 offentlege dokument frå opplæringsfeltet og kulturfeltet i perioden 1885–2005. Problemstillingane dreier seg om på kva vis språkpolitiske ordningar/reguleringar og argumentasjonsheimlar i ulike dokument og periodar til saman dannar særlege språkpolitikkar («language regimes»).

Hovudfunna i granskinga kan oppsummerast slik:

  • Forvaltninga av nynorsk og bokmål kan iallfall fram til 1980 karakteriserast som språkleg nøytralitetspolitikk. Sentrale trekk her er formell likebehandling av skriftspråka i kombinasjon med rettigheitslegitimering. Rettar for mindretalsspråkgruppa er i perioden grunngjevne med at nynorsk og bokmål skal ha like tilhøve i tevlinga. Dermed vert det heller ikkje etablert særrettar for nynorskbrukarar. Språkrettane er universelle, og argumentasjonen liberal.
  • Frå 1980-/1990-åra vert nøytralitetspolitikken delvis avløyst av ein språksikringspolitikk. Politikken for nynorsk vert i større grad legitimert med den kulturelle identitetsverdien som språket har for brukarane sine. Likevel vert ingen nye positive rettar for nynorskbrukarar etablerte på opplæringsfeltet mellom 1980 og 2005, og nokre få på kulturfeltet.
  • Trass i ideal om nynorskens eigenverdi skil dagens språkpolitiske ordningar seg lite frå likebehandlingsordningane som vart etablerte og legitimerte under nøytralitetspolitikken. Ordningane som er presenterte i dei nyare dokumenta, utfordrar ikkje nøytralitetsideala om like vilkår. At norsk språkforvaltning delvis heng att i nøytralitetspolitikk, vanskeleggjer fleire typar språksikringsordningar, til dømes tiltak mot språkskifte, som er rekna som eit hovudproblem for utsette minoritetsspråk.

Avhandlinga er det fyrste større vitskaplege arbeidet om norsk statusplanlegging for nynorsk og bokmål. Det viktigaste bidraget til denne studien er såleis å opne feltet norsk språkpolitikk for fagleg og politisk diskusjon og kritikk, og dermed endring og utvikling. Funna i granskinga kastar òg ljos over dei teoretiske modellane for språkpolitikk.

Studien er gjennomførd ved Universitetet i Oslo, Det utdanningsvitskaplege fakultetet, Institutt for lærarutdanning og skuleforsking. Han er finansiert av Høgskulen i Sogn og Fjordane.

 

 

 

 

Publisert 15. juli 2014 09:29