Cand.philol. Wenke Mork Rogne

Avhandlingens tittel er:

På sporet av meining. Korleis unge lesarar arbeider med multiple, delvis motstridande tekstar. Ein empirisk mixed-methods studie av sjuandeklassingar sine strategiske aktivitetar.

Føremålet denne mixed-methods-studien er å undersøkje korleis 30 elevar i 7. klasse (12-13 år) arbeider med multiple, delvis motstridande tekstar, og i kva grad det har samanheng med kva type informasjon elevane legg vekt på i sine representasjonar. Elevar frå fire ulike skular tenkte høgt medan dei las fire delvis motstridande tekstar. Elevane sine fritidslesevanar, ordavkodingsferdigheiter og nasjonale prøveresultat vart kartlagd før lesing, og elevane sin strategibruk og lesetid vart registrerte, samt eit strukturert intervju og munnleg oppsummering av tekstane. For å kunne studere samanhengar mellom elevane sin strategibruk og forståinga av tekstane vart korrelasjonsanalysar, i tillegg til case-studiar gjennomførte.

Resultata viste at elaboreringsstrategiar basert på forkunnskapar var hyppigast representerte, medan det var få inter- og intratekstuelle elaboreringar og evalueringsstrategiar til stades i protokollane til elevane. Vidare viste resultata at gode resultat på nasjonal leseprøve kan ha samanheng med ferdigheiter i å konstruere ei heilskapleg forståing av dei fire tekstane. I tillegg indikerte resultata at når elevene skapar samanheng mellom fleire delvis motstridande tekstar, så blir samanfallande informasjon vektlagt meir enn motstridande informasjon. Dessutan ser det ut til at dei elevane les mykje på Internett på fritida, slit meir med å samanfatte innhaldet i de fire tekstene enn dei andre elevene.

Vidare indikerte resultata ein negativ samanheng mellom bruken av meir overflatiske strategiar og graden av registrering av motstridande informasjon i setningar. Derimot syner resultata at det ein positiv samanheng mellom djupare strategibruk og graden av registrering av motstridande informasjon. Kontrastive case-analysar synte at elevar med høg lesekunne las meir trykte tekstar på fritida, dei nytta fleire djupare strategiar, dei registrerte fleire motsetnader under lesing, dei nytta lengre lesetid på motstridande og sentrale setningar, og inkluderte meir sentral informasjon i oppsummeringa, enn lesarar med låg lesekunne. Ein kan difor konkludere med at lesing av multiple, delvis motstridande tekstar kan føre til ei djupare, heilskapleg forståing for lesarar med høg lesekunne, men at dette truleg er vanskelegare for lesarar med låg lesekunne.

Publisert 9. feb. 2015 14:49