Master Bente Ulla

Title of dissertation:

Arrangement av kropp, kraft og kunnskap. ein studie av profesjonsutøvinga til barnehagelæraren.

Arbeidet med avhandlinga er skriven innanfor fagområdet utdanningsvitskap, med pedagogikk og profesjon som særområde. Avhandlinga er artikkelbasert og sett saman av fire delarbeid som på ulike måtar undersøkjer og drøftar barnehagelæraren si profesjonsutøving.

Avhandlinga har tittelen: Arrangement av kropp, kraft og kunnskap: ein studie av profesjonsutøvinga til barnehagelæraren. Ved å trekkje veksel på teoretiske og metodologieke perspektiv frå Michel Foucault, undersøkjer studien korleis profesjonsutøving tek form gjennom ei tilstelling av kropp, kraft og kunnskap. I studiens overordna tittel vert apparatus uttalt som eit arrangement, og peikar mot ei tilstelling av formasjonar og disposisjonar i barnehagelærarens profesjonsutøving. Studiens feltområde er den norske samtidsbarnehagen, der studien som heilheit spør etter uttrykk for barnehagelæraren si profesjonsutøving. Studiens metodiske tilnærming er forma som ein eksperimenterande kvalitativ studie, med strategiar av observasjon, gruppeintervju og dokumentstudium i feltarbeidet.

Studien gjev empirisk tilskot til barnehageforsking om kvardagslivet i barnehagen, med særleg fokus på dei yngste barnehagebarna. Gjennom ei veksling mellom teori og empiri har studien skapt passasjar til å undersøkje kvardagslivet i lys av epistemiske og ontologiske vilkår. Tematikk og teori heile vegen vev seg inn i kvarandre, og det Foucaultianske konseptet apparatus står sentralt i studiens analytiske tilnærming. Konseptet opnar for å overskride skarpe skilje mellom pedagogikk og politikk, teori og praksis, hovud og kropp. Avhandlinga presenterer kritiske tilnærmingar til korleis konstruksjonar av barnehagelæraren si profesjonsutøving kan ta form i samtidskonteksten. Studien set lys på korleis kartlegging av barns dugleikar tek form i spenningsfelta kring barnehagelærarens handlingsrom for dømekraft. Ved å analysere styringsmekanismar gjennom det valde perspektivet, gjev avhandlinga teoretiske tilskot til å skildre korleis makt sirkulerer i mikroelement i kvardagen.

Avhandlinga vert avlagt ved Universitetet i Oslo, Det utdanningsvitenskaplige fakultet, Institutt for pedagogikk, og er finansiert av Høgskolen i Østfold, avdeling for Lærerutdanning.

  

Publisert 19. nov. 2015 15:13 - Sist endret 19. nov. 2015 15:13