Master Liv Inger Engevik

Title of dissertation:

Inkludering, tilpassa læringsdialogar og kognitiv stimulering i arbeid med elevar med Down-syndrom - ei multimetodisk tilnærming til undervisning og læring.

Synet på læringspotensialet til barn og unge med utviklingshemming er i stadig endring, og  føremålet med denne avhandlinga er å bidra til utvida kunnskap om forhold på ulike nivå som kan verke inn på læring og utvikling i skulen for det som utgjer den største elevgruppa med kjent årsak til utviklingshemming; elevar med Down-syndrom. Gjennom tre artiklar blir individuelle faktorar, samt relasjonelle og miljømessige forhold, undersøkt og diskutert opp mot tematikk som rører ved organisatoriske og didaktiske problemstillingar frå forskingslitteraturen og praksisfeltet. Kompleksiteten i det pedagogiske arbeidet er synleggjort gjennom ei multi-metodisk forskingstilnærming.

I den første artikkelen som omhandlar inkludering, er data i hovudsak henta inn ved hjelp av spørjeskjema til lærarane av eit årskull barneskuleelevar med Down-syndrom (N=39). I den andre artikkelen er fokuset retta mot lærar-elev-interaksjonar og forhold av betyding for elevdeltaking og engasjement i ei problemløysingsoppgåve, med vekt på grad av vaksenstyring og det emosjonelle samspelsklimaet. Sju lærar-elev dyadar blei filma medan dei bygde ein kopi av eit Duplohus, og ei samanlikningsgruppe beståande av sju yngre barn utan Down-syndrom og pedagogane deira blei brukt for å vurdere grad av vaksenstyring og engasjement hos barna komparativt. I den siste artikkelen blir boklesingsinteraksjonar mellom sju lærarar og elevane deira med Down-syndrom undersøkt med vekt på kognitivt stimulerande dialogutvekslingar.

Samla sett viser resultata frå studiane korleis læring føregår i et komplekst samvirke mellom faktorar på individnivå (t.d. fellestrekk ved Down-syndrom samt individuelle variasjonar), relasjonelle faktorar (t.d. dynamisk stillasbygging og samspelsklima), og kontekstuelle faktorar (t.d. lærarsamarbeid og tilpassa læringsmateriell). Ei rekke implikasjonar for praksis kan utleiast, men først og fremst synleggjer resultata frå denne avhandlinga korleis læring gjennom sosial interaksjon kjenneteikna av ei dynamisk ytreregulering frå læraren si side, kan danne eit gunstig utgangspunkt for utvikling hos eleven.

Publisert 24. juni 2015 10:53