Cand.philol. Alf Gunnar Eritsland

Med skolen som misjonsmark. Den norske vekkingsrørslas satsing på lærarutdanning 1890 – 1946.

Hovudtemaet for denne utdanningshistoriske avhandlinga er den norske vekkingsrørslas satsing på lærarutdanning 1890–1946. Analysen er gjennomført ut frå ei tredelt problemstilling: Kvifor, korleis, og med kva verknad satsa den norske vekkingsrørsla på kristelege lærarskolar? Det er brukt historisk forskingsmetode med vekt på både primær- og sekundærkjelder. Den narrative strukturen er utforma med tanke på at delane skal tene eit analytisk føremål. Slik kan samanstillinga av element tene ei forklarande målsetting. Derfor analyserer avhandlinga bakgrunnen for satsinga ved å sjå ho i samanheng med moderniserande og sekulariserande prosessar som gjorde skole og lærarutdanning til arenaer for religiøs strid.

Analysen viser at vekkingskristne var med på å løyse opp den kyrkjeleg dominerte kulturen, men at dei snart kom til å kjempe mot følgjene av denne oppløysinga. Som ein reiskap i kampen for rekristning av skole og samfunn blei det oppretta lågkyrkjelege vekkingskristelege lærarskolar i Volda, Notodden og Kristiania. Målet var utdanning av engasjerte truande lærarar. Avhandlinga viser at dette utdanningsprosjektet blei svekka av manglande didaktisk refleksjon knytt til den misjonsretta målsettinga, men også av tilpassinga til statens styring. Arbeiderpartiet blei den klaraste ytre motstandaren av privat lærarutdanning, og sette ein sluttstrek for den vekkingskristelege satsinga då dei fekk fleirtal for statleg overtaking av Oslo lærerskole i 1946.

Studien kan ha relevans for norsk utdanningsdebatt gjennom analysen av eit religiøst engasjement som innebar at skolen blei sett på som arena for religiøs påverknad. Ei erkjenning i så måte er at det i vår relativt nære fortid har stått strid om det forkynnande elementet i den norske lærarens yrkesmandat.

Foirskingsarbeidet er gjennomført ved OsloMet, Institutt for grunnskolelærerutdanning

Tilbake

Publisert 27. mai 2020 15:23 - Sist endret 18. sep. 2020 19:06