Cand.philol. Sidsel Skjelten avhandling for graden ph.d.

Avhandlingens tittel er:

Jakta på kvalitetsforskjellar i elevane sine tekstar. Kva skil gode tekstar frå middels gode?

Elevane sin skrivekompetanse i norsk ved avslutta grunnskule er interessefeltet i avhandlinga.  Nærare bestemt er det forska på kvalitetsforskjellar mellom gode og middels gode tekstar ut frå korleis dei er vurderte til eksamen i 10. klasse. Det er såleis grenseoppgangen mellom karakterane 4 og 5 som har stått i fokus, og målet har vore å fange opp kvalitetsforskjellar mellom dei to karakternivåa ut frå ei mest muleg heilskapleg tilnærming til tekst. Forsking på elevtekstar og elevanes skrivekompetanse i skulekonteksten knyter prosjektet til praksisfeltet og til språket i bruk. Språkbruksperspektivet gjer at avhandlinga kan plasserast innanfor vitskapsdisiplinen anvendt språkvitskap, men at det praksisnære blir kombinert med teoriutvikling.

Materialet er henta frå det nasjonale KAL-korpuset. Det gir tilgang på elevtekstar i ulike kvalitetskategoriar, i tillegg til utfylte vurderingsskjema frå sensorane. Studien er kvalitativ og teksttolkande, der det handlar om å tolke meining i to ulike typar tekstar: 1) utfylte vurderingsskjema og 2) elevtekstar. Det unike med materialet er at kvar elevtekst er vurdert av tre sensorar i tillegg til dei to ordinære, noko som styrkjer gyldigheita i forskingsopplegget.

Studien viser at tekststruktur, truverd, engasjement og rettskriving utgjer kvalitetsforskjellar mellom dei to karakternivåa.  Gjennom abduktive tilnærmingar er kriteria operasjonaliserte i møte med elevtekstane, og etablert teori frå språk- og tekstvitskapen er henta inn for å forklare mønster og strukturar i tekstane, hovudsakleg frå retorikk og systemisk-funksjonell lingvistikk. På den måten er det konstruert nye teoretiske modellar som kan seie noko om den typen kvalitetsforskjellar som prosjektet har jakta på. Avslutningsvis er dei fire kriteria plasserte inn i eit nyutvikla vurderingsskjema for å synleggjere kvalitetsforskjellar som er komne fram i analysane.

Prosjektets bidrag kan knytast til to område: 1) til skulekonteksten, der vurderingskriterium utgjer eit viktig pedagogisk verktøy i arbeid med elevanes skriveutvikling, og 2) til forskingsfelt som er opptekne av elevanes læringsutbytte, tekstkompetanse og kriterieproblematikk.

Arbeidet er utført ved Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo. Arbeidsstad under heile forskingsprosessen har vore Universitetet i Stavanger.

Tilbake

Summary in English

Publisert 18. feb. 2013 17:17 - Sist endret 16. okt. 2013 12:37