Elevaktive læringsformer og språkfokus i faga

Dei to skuletilpassa innsatsane ‘Elevaktive læringsformer’ og ‘Språkfokus i faga med vekt på elevaktive læringsformer’ dreier seg i hovudsak om korleis ein kan bruka prinsipp frå mellom anna samarbeidslæring (Johnson, Johnson & Smith, 2014) for å styrkja og auka den faglege aktiviteten i læringsrommet.

En gruppe studenter snakker sammen

Her gjør ein gruppe øvelsen fagleg kontrovers

I fagfornyinga (Utdanningsdirektoratet, 2019) er både djupare læring, individuelt læringsarbeid, læringsarbeid mellom elevar viktig. Fagfornyinga og vekta på djupare læring i skulen får konsekvensar for praksis i klasserommet. I alt læringsarbeid er språket ein vesentleg del, og kunnskap om læringspotensiale i ulike samtalemønster, læringssamtalar og dialogar i klasserommet kan styrkja læringsaktivitet, medverknad og inkludering.

 

Mennesker står i to linjer og ser på hverandre

I den norske skulen er både læringspar, smågrupper og meir tradisjonell klasseromundervising mykje brukt. Likevel møter ein utfordringar med alle desse klasseromspraksisane både der ein har ein meir homogen elevmasse og der skulane er meir heterogene. For å få til vellukka læring gjennom par- og gruppearbeid må læringsarbeidet byggast på grunnleggjande prinsipp for å lære i grupper. Prinsippa for læring i grupper passar som handa i ein hanske til prinsipp som ligg til grunn i fagfornyinga.


Aktiviteten i de to skoletilpassa kursa er praktisk-didaktisk og har til mål å modellera og visa konkrete døme på korleis par- og grupper kan brukast meir effektivt for å styrkja læring, språkutvikling og inkludering for alle elevane gjennom kombinasjonen av individuelle bidrag, kunnskapsdeling og samarbeid. Likeeins er demokratiske prinsipp som plikt og rett til deltaking vesentleg.

 

Hausten 2019 og våren 2020 deltek heile undervisingspersonalet og leiinga ved fire Osloskular i innsatsane Språkfokus i faga med vekt på elevaktive læringsformer eller Elevaktive læringsformer. I tillegg deltek resurslærarar og leiarar ved dei same skulane i ekstra kompetanseheving for å kunna bidra i implementeringa av endringsarbeidet på sine respektive skular. Kvinne skriver på et stort arkVåren 2020 vil utvalde og motiverte skular få tilbod om oppfølging gjennom observasjon.

 

Toril Sjo ved Institutt for lingvistikk og nordiske studier (HF) er ansvarleg for Elevaktive læringsformer og språkfokus i faga

Emneord: Dybdelæring, Fagfornyelsen, Elevaktive læringsformer, Språk
Publisert 15. aug. 2019 11:02 - Sist endra 23. feb. 2021 10:42