FoU-oppgåva

Eksamen del 2: FoU-oppgåve (PPU3220, PPU3520D, PROF4045, PPU3620T)

FoU-oppgåva er ein individuell eksamen som integrerer pedagogikk og fagdidaktikk B med erfaringar frå praksis. Gjennom arbeidet med oppgåva skal du utvikle ein viktig kompetanse for ein profesjonell og lærande lærar; nemleg å kunne utforske, vurdere kritisk og vidareutvikle eigen lærarpraksis. Oppgåva tek utgangspunkt i dataene du har samla i praksisperioden, enten i ordinær undervisning eller digital heimeundervisning. Om du har vore involvert i skulens digitale heimeundervisning i din praksisperiode, og du ikkje har samla data ennå, oppmodar vi deg til å samle inn data frå denne delen av praksis. 

Lærarprofesjonen er svært mangfaldig, og i FoU-oppgåva skal du ta for deg ei side av di eiga profesjonsutøving i fag B. Det du vel å undersøkje, må vere knytt til eitt eller fleire av punkta i det læringsutbytet som er gjort greie for i emnebeskrivinga, og det må ha tydeleg relevans for ditt fagdidaktiske fag B.

I undersøkinga du har planlagt og eventuelt gjennomført så langt, skal du bruke ein av desse metodane, eventuelt to i kombinasjon, om det er mest tenleg:

  • Intervju med eit utval elevar
  • Skriftlege innspel frå elevar (logg, spørjeskjema o.l.)
  • Bli systematisk observert (av medstudent, rettleiar eller andre)
  • Analyse av elevarbeid (tekstar, prøvesvar, munnlege presentasjonar, digitale produkt o.l.)

Resultata (oppnådde eler forventa) frå undersøkinga og/eller dine observasjonar skal analyserast og drøftast i lys av pedagogisk og fagdidaktisk kunnskap, og du skal diskutere korleis den kunnskapen du har fått gjennom undersøkinga av eigen praksis, kan brukast i det vidare arbeidet ditt med å utvikle lærarprofesjonaliteten din.

All informasjon frå praksis skal anonymiserast slik at det ikkje er mogleg å identifisere skule, lærarar, elevar og medstudentar. Det er ikkje høve til å hente inn video-, bilete- eller lyddata i samband med FoU-oppgåva, og undersøkinga di kan ikkje offentleggjerast eller brukast i andre samanhengar enn eksamenssvaret.

Formelle krav

Eksamenssvaret skal ha eit omfang på 3000–4000 ord (ikkje medrekna framside, litteraturliste og vedlegg). Bruk APA-norma for referansar og litteraturliste.

Eksamenssvaret skal ha følgjande innhald (men ikkje nødvendigvis som eigne avsnitt eller i denne rekkefølgja):

  • Framside med kandidatnummer, emnekode og emnenamn, aktuelt semester og talet på ord i oppgåva
  • Presentasjon av temaet for oppgåva og kva relevans det har for læringsutbytet i emnet
  • Problemstilling
  • Utgreiing om relevant pedagogisk og fagdidaktisk faglitteratur
  • Grunngjeving for val av metode og utgreiing om den praktiske gjennomføringa av undersøkinga
  • Analyse av resultata
  • Drøfting av problemstillinga og kva slags implikasjonar undersøkinga har for vidareutviklinga av eigen lærarpraksis
  • Litteraturliste
  • Eventuelle vedlegg: Innsamlingsverktøy som er brukt i undersøkinga (observasjonsskjema, spørjeskjema, intervjuguide o.l.), skal leggast ved. Innsamla materiale (elevtekstar, utfylte spørjeskjema o.l.) skal ikkje leggast ved.

For eittfagsstudentar på PPU deltid (PPU3520D) og PPU heiltid (PPU3220) frå og med våren 2021: Eittfagsstudenter skal bruke ordinært pensum i sitt fag.

For eittfagsstudentar på lektorprogrammet (PROF4045) og Teach First (PPU3620T): Eittfagsstudentar skal også leggje ved liste over sjølvvald tilleggslitteratur. Tilleggslitteraturen må vere godkjend av faglæraren.

Obligatorisk innlevering: Rettleiing av metodeplan

Du skal skrive ein metodeplan der du gjer greie for

  • kva tema du har valt
  • eitt eller fleire forslag til problemstilling
  • kva for ein eller kva for nokre av de fire metodane du vil bruke
  • korleis du vil gjennomføre undersøkinga

I metodeplanen bør du sørgje for å få tydeleg fram korleis metoden/metodane og den konkrete gjennomføringa eignar seg til å kaste lys over tema og problemstilling.

Metodeplanen skal vere 300–500 ord og skal leverast og rettleiast i læringsplattforma. Denne innleveringa er obligatorisk. 

Om metodeplanen ikkje inneheld komponentane som er nemnde over, vil han ikkje gje eit godt nok grunnlag for rettleiing, og du vil få ei tilbakemelding om at innleveringa ikkje er godkjend.

For at du skal kunne gå opp til eksamen, må metodeplanen din vere rettleidd. Informasjon om vidare rettleiing finn du på semestersida til emnet.

Frist:
PPU3220, PPU3520D, PROF4045: Innan fredag kl. 16.00 i andre praksisveke

 

Frivillig rettleiingsseminar

Rettleiingsseminaret er et frivillig tilbod. For informasjon om korleis rettleiingsseminaret er organisert i dei ulike studieprogramma, sjå semestersida til emnet.

PPU3220

PPU3520D

PROF4045

Informasjon om tid, stad og påmelding blir gitt i læringsplattforma.

 

Eksamensinnlevering

Eksamenssvaret skal leverast i eksamensløysinga Inspera. Sjå informasjon om eksamen i Inspera på semestersida. Merk at svaret skal leverast som eitt dokument, sidan det ikkje er mogleg å lasta opp vedlegg til eksamenssvaret i Inspera. Sjå innleveringsfrist for FoU-oppgåva under «Eksamen: tid og sted» på semestersida.

 

Vurderingskriterium

Vurderingskriteria gir ei typebeskriving av svar på dei ulike nivåa. Eksamenssvar vil i praksis ofte ha innslag av ulike nivå, og vurderinga vil måtta vera basert på ei ganske stor grad av skjøn. Til dømes vil total mangel på fagkunnskap i pedagogikk og/eller fagdidaktikk gi karakteren «F - ikkje greidd», sjølv om kandidaten dokumenterer god refleksjons- og formidlingsevne.

 

Karakter/
UiO-beskriving

Problemstilling og metode

Vurderingsevne og sjølvstende

Språk, struktur og formalia

A Framifrå

Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

Problemstillinga er klar, avgrensa og særs relevant for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga, og for det fagdidaktiske faget. Metoden/metodane kandidaten har valt, er veleigna til å kaste lys over problemstillinga, og den metodiske gjennomføringa er svært tydeleg framstilt og konkretisert. Resultata frå undersøkinga er svært tydeleg framstilte og veleigna til å kaste lys over problemstillinga.

Kandidaten argumenterer svært klart og sjølvstendig. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori er svært relevant for problemstillinga, og kandidaten viser framifrå kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen. Kandidaten evnar på ein svært god måte å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og resultat.

Språket er svært presist og sjølvstendig. Teksten er godt strukturert. Krav til innhald og formalia er oppfylte.

B Mykje god

Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.

 

Problemstillinga er klar, avgrensa og svært relevant for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga, og for det fagdidaktiske faget. Metoden/metodane kandidaten har valt, er veleigna til å kaste lys over problemstillinga, og den metodiske gjennomføringa er mykje tydeleg beskriven og konkretisert.

Kandidaten argumenterer klart og sjølvstendig. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori er mykje relevant for problemstillinga, og kandidaten viser mykje god kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen. Kandidaten evnar på ein mykje god måte å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og resultat.

Språket er presist og sjølvstendig. Teksten er godt strukturert. Krav til innhald og formalia er oppfylte.

C God

Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.

Problemstillinga er relevant for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga, og for det fagdidaktiske faget. Metoden/metodane kandidaten har valt, er eigna til å kaste lys over problemstillinga, og den metodiske gjennomføringa er tydeleg beskriven og konkretisert.

Kandidaten argumenterer til dels sjølvstendig. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori er relevant for problemstillinga, og kjennskapen til og forståinga av pensumlitteraturen er prega av breidd og djupn utan klare manglar. Kandidaten evnar å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og diskuterer teori og resultat med noko nyansering og kritisk refleksjon.

Språket er godt og sjølvstendig. Teksten er strukturert. Krav til innhald og formalia er oppfylte.

D Brukbar

Ein akseptabel prestasjon med nokre manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.

 

Problemstillinga er relevant for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga, og for det fagdidaktiske faget. Metoden/metodane kandidaten har valt, er til ein viss grad eigna til å kaste lys over problemstillinga, og den metodiske gjennomføringa er til ein viss grad beskriven og konkretisert.

 

Oppgåvesvaret er prega av argument som kan verke som meiningsytringar. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori har noko relevans for problemstillinga, men kjennskapen til og forståinga av pensumlitteraturen er noko mangelfull.
Kandidaten evnar berre i nokon grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk.
Teori og resultat vert presenterte og diskuterte på ein lite nyansert og kritisk måte.

Språket er nokså godt, men lite sjølvstendig og prega av mangel på faguttrykk. Teksten har ein viss struktur. Krav til innhald og formalia er i rimeleg grad oppfylte.

E Tilstrekkeleg

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og sjølvstende.

 

Problemstillinga er  noko relevant for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga, og for det fagdidaktiske faget. Metoden/metodane kandidaten har valt, er til ein viss grad eigna til å kaste lys over problemstillinga, og den metodiske gjennomføringa er til ein viss grad beskriven og konkretisert.

 

Oppgåvesvaret er prega av usamanhengande argument som i stor grad verkar som meiningsytringar. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori har noko relevans for problemstillinga, men kjennskapen til og forståinga av pensumlitteraturen er mangelfull.
Kandidaten evnar berre i liten grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk. Teori og resultat vert presenterte og diskuterte på ein lite nyansert og kritisk måte.

Framstillinga er forståeleg, men språket er til dels uklart og/eller forvirrande. Mangel på faguttrykk er påtakeleg. Teksten har svak struktur. Krav til innhald og formalia er i nokon grad oppfylte.

F Ikkje greidd

Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimums-krava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og manglande sjølvstende.

 

Problemstillinga har liten eller ingen relevans for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga, og for det fagdidaktiske faget. Metoden/metodane kandidaten har valt, er i liten grad eigna til å kaste lys over problemstillinga, og den metodiske gjennomføringa er i liten eller ingen grad beskriven eller konkretisert.

Oppgåvesvaret er prega av usamanhengande argument som verkar som meiningsytringar. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori har liten relevans for problemstillinga, og kjennskapen til og forståinga av pensumlitteraturen er svært mangelfull. Kandidaten ser i liten eller ingen grad samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk. Teori og resultat blir i liten eller ingen grad diskuterte.

Framstillinga er forståeleg, men språket er uklart og/eller forvirrande. Mangel på faguttrykk er påtakeleg. Teksten er ustrukturert. Krav til innhald og formalia er i liten eller ingen grad oppfylte.

Publisert 22. mars 2021 11:29 - Sist endret 22. mars 2021 11:29