5-timars videocaseeksamen

Eksamen del 2: 5-timars videocaseeksamen (PPU3210, PPU3510D, PROF3025, PPU3610T)

5-timars videocaseeksamen er ei individuell skriftleg oppgåve som integrerer pedagogikk og fagdidaktikk B. Eksamen vert innleia med at du observerer et videoklipp som viser ein eller fleire typiske situasjonar frå skulen. Videoen vert gjord tilgjengeleg på eksamensdagen.

Videocaseeksamen varer i 5 timar og skal gjennomførast i eksamensløysinga Inspera. Sjå informasjon under "Eksamen i Inspera" på semestersida. Du må logge deg på Inspera seinast 30 minutt før eksamen byrjar, for å vera sikker på at alt fungerer som det skal.

Oppgåveformulering

Eksamenssvaret skal innleiast med ein observasjonsdel, der du på bakgrunn av relevant teori og fagomgrep knytt til læring, undervising og/eller klasseleiing gjer greie for viktige observasjonar i videoklippet. Med utgangspunkt i desse observasjonane skal du velje eit tema som er relevant for ditt fagdidaktiske fag B. Drøft temaet i lys av pedagogisk og fagdidaktisk teori, og trekk inn praksiserfaringar der dette er relevant som støtte for din eigen argumentasjon. Vis til videoklippet i drøftinga.

Formalia

Omfanget av svaret vel du sjølv. Vis til pensumlitteratur undervegs i svaret. Du treng ikkje å bruke tid på å lage ei avsluttande referanseliste. Du treng heller ikkje å fylgje eit særskilt referansesystem.

Vurderingskriterium

Vurderingskriteria gir ei typebeskriving av svar på dei ulike nivåa. Eksamenssvar vil i praksis ofte ha innslag av ulike nivå, og vurderinga vil måtta vera basert på ei ganske stor grad av skjøn. Til dømes vil total mangel på fagkunnskap i pedagogikk og/eller fagdidaktikk gi karakteren «F - ikkje greidd», sjølv om kandidaten dokumenterer god refleksjons- og formidlingsevne.

 

Karakter/
UiO-beskriving

Observasjon og stofftilfang

Vurderingsevne og sjølvstende

Språk og struktur

A Framifrå

Framifrå prestasjon som skil seg klart ut.

Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

Kandidaten identifiserer og gir ei svært presis fagleg beskriving av nokre tema i videoklippet og argumenterer deretter for eit tema som er svært relevant for fagdidaktikk B og det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga. 

Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori og eventuelle praksiseksempel er svært relevant for temaet, og kandidaten viser framifrå kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

Kandidaten argumenterer svært klart og sjølvstendig og underbyggjer med tilvising til pensumlitteratur.

Kandidaten evnar tydeleg å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og eventuelle praksiseksempel.

 

Språket er svært presist og sjølvstendig.

Teksten er godt strukturert.

B Mykje god

Mykje god prestasjon.

Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.

 

Kandidaten identifiserer og gir ei mykje presis fagleg beskriving av nokre tema i videoklippet og argumenterer deretter for eit tema som er svært relevant for fagdidaktikk B og det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga.

Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori og eventuelle praksiseksempel er klart relevant for temaet, og kandidaten viser svært god kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

Kandidaten argumenterer klart og sjølvstendig og underbyggjer med tilvising til pensumlitteratur.

Kandidaten evnar på ein god måte å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og eventuelle praksiseksempel.

Språket er presist og sjølvstendig.

Teksten er godt strukturert.

C God

Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner  god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.

Kandidaten identifiserer og beskriv nokre tema i videoklippet og identifiserer deretter eit tema som er relevant for fagdidaktikk B og det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga.

Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori og eventuelle praksiseksempel er relevant for temaet.

Kandidaten viser kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen utan klare manglar.

Kandidaten argumenterer til dels sjølvstendig.

Kandidaten evnar å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og diskuterer teori og eventuelle praksiseksempel med noko nyansering og kritisk refleksjon.

Språket er jamt over godt og sjølvstendig.

Teksten er strukturert.

D Nokså god

Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar.

Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. 

Kandidaten identifiserer og beskriv nokre tema i videoklippet og identifiserer eit tema med ein viss relevans for fagdidaktikk B og det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga.

Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori og eventuelle praksiseksempel har ein viss relevans for problemstillinga.

Kandidaten viser ein rimeleg grad av kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

Eksamenssvaret er prega av ein viss argumentasjon, men verkar i nokon grad som meiningsytringar.

Kandidaten evnar berre i nokon grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk.

Teori og eventuelle praksiseksempel vert presenterte og diskuterte, men på ein tidvis lite nyansert og kritisk måte.

Språket er nokså godt, men lite sjølvstendig og prega av ein viss mangel på faguttrykk.

Teksten har ein viss struktur.

E Tilstrekkeleg

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir.

Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.

Kandidaten identifiserer og beskriv enkelte tema i videoklippet og identifiserer eit tema med noko relevans for fagdidaktikk B og det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga.

Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori og eventuelle praksiseksempel har noko relevans, men kan til tider vera noko perifert og tilfeldig. Kandidaten viser noko kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

Eksamenssvaret er prega av tilløp til argumentasjon, men verkar i stor grad som meiningsytringar.

Kandidaten evnar berre i nokon grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk.

Teori og eventuelle praksiseksempel vert presenterte og diskuterte, men på ein lite nyansert og kritisk måte.

Eksamenssvaret er i hovudsak forståeleg, men språket er usjølvstendig eller noko prega av uklarleikar. Mangel på faguttrykk er påtakeleg.

Teksten har svak struktur.

F Ikkje greidd

Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava.

Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og manglande sjølvstende.

Kandidaten si beskriving av tema i videoklippet og grunngiving for val av eit tema har liten eller ingen relevans for fagdidaktikk B og læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga.

Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori og eventuelle praksiseksempel er anten fråverande eller tilfeldig og utan relevans.

Kandidaten viser ingen kjennskap til eller forståing av pensumlitteraturen.

Eksamenssvaret er prega av usamanhengande argument som verkar som meiningsytringar.

Kandidaten ser i liten eller ingen grad samanhengen mellom pedagogikk og fagdidaktikk.

Teori er i stor grad fråverande.

Eksamenssvaret er forståeleg, men språket er uklart og/eller forvirrande. Mangel på faguttrykk er påtakeleg.

Teksten har svak eller ingen struktur.

Publisert 24. jan. 2019 16:41 - Sist endret 28. jan. 2019 14:07