Kamil Øzerk nytt medlem i Norsk språkråd

"Eg er glad for at vi har fått på plass eit godt og kompetent styre for Norsk Språkråd", seier statsråd Anniken Huitfeldt 

Nytt styremedlem i Norsk språkråd, Kamil Øzerk. Foto: Maike Luimes, PFI

Pedagogisk forskningsinstitutt gratulerer Kamil Øzerk med oppnemninga.

Det nye styret

  • Ottar Grepstad, Volda, leiar (f. 1953, forfattar og direktør for Nynorsk Kultursentrum, rådsmedlem i Norsk kulturråd 2005–2009, styremedlem i Språkrådet 2006–2010.)
  • Åse Lill Kimestad, Mandal, nestleiar (f. 1955, rektor ved Vågsbygd videregående skole, medlem av fagrådet for høgare utdanning i Språkrådet)
  • Trond Trosterud, Tromsø (f. 1962, førsteamanuensis i samisk språkteknologi ved Universitetet i Tromsø)
  • Åse Wetås, Oslo (f. 1972, prosjektdirektør for Norsk ordbok 2014)
  • Sigrun Høgetveit Berg, Tromsø (f. 1972, cand. philol, stipendiat ved Universitetet i Tromsø)
  • Helene Uri, Oslo (f. 1964, forfattar og språkvitar, dr. art. i lingvistikk)
  • Kamil Øzerk, Oslo ( f.1954 på Kypros, tyrkisk-norsk pedagog, dr. polit., professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo. Har mellom anna forska på tospråkleg opplæring)
  • Ola T. Lånke, Trondheim (f. 1948, prest, tidlegare stortingsrepresentant for Kr.F.)
  • Margrethe Kvarenes (rådgjevar, BM)
  • Daniel Ims (rådgjevar, NYNO)
Publisert 26. nov. 2010 13:35 - Sist endret 30. nov. 2010 13:52