Prisdryss for framifrå formidling og undervising: – Så til dei gradar velfortent!

Professor Øystein Gilje ved FIKS, Senter for forsking, innovasjon og kompetanseutvikling i skulen, er vinnar av Formidlingsprisen 2021, medan stipendiat Terje Ulv Throndsen ved Institutt for spesialpedagogikk fekk Undervisingsprisen 2021. Dekan Rita Hvistendahl var full av lovord.

Oslo Vokalensemble. Foto

Oslo Vokalensemble sørga for høgtidsstemning for dei få fysisk tilstadeverande og dei mange digitale publikummarane under gårsdagens juleavslutning ved Det utdanningsvitskaplege fakultet. Foto: Shane Colvin/UiO

– Så til dei gradar velfortent, sa Hvistendahl etter prisutdelinga som gjekk føre seg i eit nesten tomt auditorium tysdag ettermiddag, men med mange engasjerte ansikt på storskjerm.

Professor Øystein Gilje fekk fakultetets pris for framifrå formidling for si evne til å formidle forskingsresultater til eit bredt spekter av aktørar i eit mangfald av kommunikasjonskanalar på ein måte som hjelper mottakarane til å ta kunnskapen i bruk. 

Bildet kan inneholde: anlegg, tre, begivenhet.
Ein overraska og glad Øystein Gilje.
Foto: Shane Colvin/UiO

– Forsking må møte erfaring

Ikkje minst var Gilje og teamet hans ved FIKS ei fagleg samlande kraft under den mest nedstengde delen av pandemien. Dei utvikla blant anna ein eigen digital kunnskapsbank som gjer det lettare for lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar å finne og bruke forskings- og erfaringsbasert kunnskap om viktige tema knytt til skulen og fagfornyinga.

Det var ein stolt og glad Gilje som tok imot prisen, og han presiserte at dette er ein pris han får saman med alle i FIKS som har bidratt til formidlingsarbeid til skule-Noreg det siste året.

Kva er det som driv han til å formidle?

– Vissheita om at kunnskap om læring og undervising er noko som blir til i rommet mellom praksis og teori. Når vi i FIKS arbeider med erfarne lærarar og skuleleiarar, er det meiningslaust å gjere det utelukkande forskingsbasert. Den forskingsbaserte kunnskapen må møte den erfaringsbaserte kunnskapen, seier Gilje.

 

– Når vi i FIKS arbeider med erfarne lærarar og skuleleiarar, er det meiningslaust å gjere det utelukkande forskingsbasert.

På kort tid utvikla han og teamet i FIKS det dei kalla Kunnskapsbasen, som er ei samling skildringar av tema som skuleeigarar ynsker å arbeide med. Basen er det digitale navet i det kompetansehevande arbeidet kommunane gjer på skulane sine, så å seie, og består av nettopp erfarings- og forskingsbasert kunnskap.

Korleis skal Kunnskapsbasen vidareutviklast framover?

– Ved å bli tydeligare på kva slags tekstar dette er og korleis dei blir til. Vi ynsker å i større grad bruke ressursar og kompetanse her ved fakultetet for å bli endå betre på å kvalitetssikre innhaldet, fortel Gilje.

Terje Ulv Throndsen elskar å undervise.
Foto: Shane Colvin/UiO

– Eg elskar å undervise

Stipendiat Terje Ulv Throndsen er også ein ivrig formidlar. Han mottok Undervisingsprisen for si evne til å skilje seg ut i mengda av digitale undervisarar gjennom bevisst bruk av videoar, døme frå verkelegheita, aktivitetar og kommunikasjon med studentar i chat for å konkretisere teori.

Throndsen løftar fram problemstillingar og utfordringar i fagfeltet som viser eit brennande ynske om å vekke interesse for og øke kompetanse for matematikkvanskefeltet, heiter det i juryens grunngjeving. Studentane har opplevd seg både sett og involvert, til tross for at skjermane deira kanskje var svarte. 

Kva betyr ein slik pris for ein ung forskar?

– Utruleg mykje! Eg elskar å undervise, seier han.

– Å bli sett er så grunnleggande for oss, så viktig. Men eg er heldig med at eg har lett for å lære og hugse namn.

Og det er tydeleg. Throndsen gjer undervisinga kreativ og gøy, ofte med ein god dose humor, alt for å få med seg studentane. Det vert sagt at han stiller mange spørsmål til studentane og har ein eigen evne til å inkludere dei og få dei til å kjenne seg sett. Prisvinnaren underviser både bachelor- og masterstudentar, altså både store og små studentgrupper.

Det at studentane føler seg sett, er den tidlegare barnehagelæraen spesielt glad for å få tilbakemelding om.

– Å bli sett er så grunnleggande for oss, så viktig. Men eg er heldig med at eg har lett for å lære og hugse namn, det hjelper, seier han.

Throndsen har også vore opptatt av å spørje studentane sine korleis dei har det, ikkje berre fagleg, gje dei ei oppleving av at dei er ein del av noko, av ei gruppe, eit prosjekt, og ikkje berre ein observatør. Korleis fungerte under digitale rammer?

– Det var spesielt fint å oppdage at chatten på Zoom kunne brukast konstruktivt, også relasjonelt. Ved hjelp av chatfunksjonen opna studentar, som truleg ikkje ville gjort det i eit fysisk klasserom, seg. Eg prøvar dessutan å gi mykje av meg sjølv og merker at det får eg mykje attende for, seier han. – Relasjonar er dynamiske, ikkje sant?

Begrunnelse for årets formidlingspris

Vinneren tildeles fakultetets pris for fremragende formidling 2021 for sin imponerende evne til å formidle forskningsresultater til et bredt spekter av aktører i et mangfold av kommunikasjonskanaler på en måte som hjelper mottakerne til å ta kunnskapen i bruk.

Professor Øystein Gilje ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning (ILS) har drevet aktiv, vedvarende forskningsformidling i flere år. Han er spesielt opptatt av temaene digitalisering og læring, vurdering av multimodale tekster, læremidler og læringsressurser i bruk og forskning og utvikling i skolen.

Forskningsresultatene hans har blitt bredt dekket gjennom flere riksmedier, blant annet Aftenposten, Dagens Næringsliv, NRK, Bergens Tidende, Dagsavisen og Morgenbladet. Gilje bidrar også med systematisk kunnskapsdeling i digitale medier, f.eks. utdanningsforskning.no, populære skolepodkaster som Rekk opp hånda! og Lektor Lomsdalen, blogger og Twitter. Han publiserer også tekster i fagtidsskrifter.

Gilje er også en sentral bidragsyter på ulike politiske arenaer, lokalt og nasjonalt, der han regelmessig blir bedt om å bidra med innspill og refleksjoner knyttet til utvikling av politikk på feltet.

I rollen som Faglig leder av FIKS siden oppstarten i 2018, har Gilje bidratt med en rekke foredrag og seminarer på ulike regionale og nasjonale arenaer etablert for UH-sektoren. Gilje har som leder av FIKS arrangert et stort antall webinarer og digitale arrangementer, men også fysiske møteplasser, ofte sammen med andre aktører.  

Ikke minst var Gilje og teamet hans en faglig samlende kraft under den mer nedstengte delen av pandemien. Gjennom 2020 og 2021 brukte Gilje posisjonen sin i FIKS for å utvikle en egen Kunnskapsbank i møte med Covid-19. Han sørget for at forskningsbasert kunnskap om innovasjon i undervisning ble delt både med grunnskole- og høyere utdannings-sektoren i en tid der det var avgjørende å formidle god, kunnskapsbasert praksis.

Formidlingskraften til Øystein Gilje er like raus og profesjonsbyggende som den er omfattende, og juryen er glade for å kunne gi formidlingsprisen til en så sterk kandidat.

 

Begrunnelse for årets undervisningspris

Prisvinneren er nominert av en stor bredde av både bachelor- og masterstudenter. I studentenes begrunnelse trekkes det frem både sterke faglige aspekter og det personlige særpreg i hans undervisningsgjennomføring, med mye humor og et tydelig engasjement for studentene. I en periode med digital undervisning skiller forelesningene hans seg ut fra mengden gjennom bevisst å trekke inn bruk av videoer, eksempler fra virkeligheten, aktiviteter og kommunikasjon med studenter i chat for å konkretisere teori. Han løfter frem problemstillinger og utfordringer i fagfeltet som viser hans engasjement og ønske om å vekke interesse for og øke kompetanse for matematikkvanskefeltet. Studentene opplever seg både sett og involvert, til tross for at han møter mange svarte skjermer. Han gjør digital undervisning både lærerikt og gøy.

Statutter

Emneord: Formidlingspris, Undervisningspris, pris Av Monica Bjermeland, Det utdanningsvitskaplege fakultet
Publisert 15. des. 2021 09:15 - Sist endra 15. des. 2021 09:50