Med sans for det tverrfaglege

– Studentane skal jobbe saman i yrkeslivet, og bør difor få erfaring med å jobbe saman på tvers av studieprogram også, framhevar Melanie Kirmess. Ho er ny prodekan ved UV-fakultetet med ansvar for studiar.

Melanie Kirmess. Foto.

Ny prodekan Melanie Kirmess fortel at studentane ved UV ofte er engasjerte, men at det er viktig å få enda fleire til å engasjere seg (foto: Shane Colvin/UiO).

─ Eg har alltid vore opptatt av hjerna og god rettleiing førte meg til spesialpedagogikk og logopedi. I tillegg likar eg å jobba tverrfagleg med folk frå andre profesjonar, seier den nybakte prodekanen.

Ho har blant anna jobba på Sunnaas sjukehus, i barnehage, med multihandikappa barn og som tysklærar. Kirmess kom frå Tyskland som au pair i 1995. Året etter begynte ho på Universitetet i Oslo, der ho studerte psykologi, logopedi og med hovudfag i spesialpedagogikk. I doktorgraden studerte ho språkvanskar etter hjerneskade hos vaksne, afasi. 

Logopeden og forskaren gjekk vidare til å leie det nyoppretta logopedi-deltidsstudiet på Institutt for spesialpedagogikk (ISP). Som logoped har ho i mange år jobba innan helsevesen og har også vore fagsjef for logopedar og spesialpedagogar på Sunnaas sjukehus HF. Frå 2014 har ho vore førsteamanuensis ved ISP og frå 2018 fagleg studieleiar same stad. 

Likar å vere der det skjer

─ Eg vil gjerne vere med å påverke og skape endringar, og ofte treng ein å være i en posisjon for å sjå kva som er mogeleg.

I tillegg har eg meir erfaring frå studiesida og med å jobbe med studentar enn frå store forskingsprosjekt så langt i mi karriere, så rolla som prodekan ansvar for studiar kjennes meir naturleg for meg, fortel Kirmess.

Ho samanliknar ofte kva studentane tenker om utviklinga av studiet og studiekvardagen sin, med korleis dette ser ut frå leiingas side:

– Ofte gjeld det å finne eit kompromiss, fortel ho.

– Mi erfaring med studentane ved fakultetet så langt er at dei som er engasjerte ofte er veldig engasjerte, kritiske og stillar reflekterte spørsmål, seier Kirmess.

– Eg ser på det som ei generell utfordring å få fleire studentar ved UV-fakultetet til å engasjere seg, til dømes ved å delta meir på seminar og reise på utveksling, fortel prodekanen vidare.

Av døme er dei regelmessige dekanfrukostane som vidareførast, møte med fagutval og programråd kvar tredje veke.

– For meg er det viktig at studentane veit at døra mi er open. Dei kan kontakte meg direkte på e-post, oppfordrar ho.

 

Vil involvere studentane

I valstrategien til det nye dekanatet heiter det blant anna at «Vårt mål er å legge til rette for et aktivt studentfellesskap med høg fagleg kvalitet, gode sosiale læringsarenaer og eit godt arbeidsmiljø». Korleis ser prodekanen for seg å jobbe saman med studentane i tida som kjem?

– Eg håper vi er på veg ut av situasjonen no snart, men vi jobbar hardt for å legge til rette for den sosiale kontakta for studentane. Dette er kanskje enklast å få til saman med studentutvala, framhevar ho.

Dei veit kva det er interesse for og kor skoen trykker, framhevar Kirmess. Prodekanen meiner at det er heilt naudsynt å involvere studentane for at det skal bli vellykka, slik som med oppussinga av Læringssenteret i andre etasje på Helga Engs hus.  

Ei anna målsetting er meir samarbeid på tvers av einingar. Kirmess trekkjer frem at studentane skal jobbe saman i yrkeslivet etter studiane, og at dei derfor bør få erfaring med å jobbe saman på tvers av studieprogram også.

– Her har eg kanskje ein fordel ved at eg er vant med å jobbe tverrfagleg frå min yrkeskarriere.

Solskinsdag på fjorden

Kva gjer så den nye prodekanen når ho ikkje jobbar?

– Ein perfekt fridag tilbringar eg helst med ein rotur om morgonen, noko eg begynte med i vaksen alder. Så vil eg gjerne ut på tur med mine to barn, utrusta med nok godteri i lomma og primus sånn at vi kan lage pannekaker. Sambuaren og eg kan avslutte dagen med eit restaurantbesøk.

Kirmess fortel at ho også gjerne leser mykje, gjerne fleire bøker samstundes. Ho les på originalspråket viss ho kan, nett no teaterstykket «Gott» («Gud») av den tidlegare straffeadvokaten Ferdinand von Schirach, om aktiv dødshjelp. Svært aktuelt tema, sida det vart tillate frå i fjor i Tyskland.

– Eg les også noveller av Bernhard Schlink, dei er korte og greie før leggetid. På norsk er Helga Flatland en favoritt, særleg «Bli hvis du kan, reis hvis du må»-trilogien. I tillegg les eg to til tre barnebøker per dag for barna mine.

Det er ikkje berre roande at Kirmess trivs på sjøen. Ho er å finne i vatn også, året rundt:

– Eg har faktisk deltatt i norgesrekordforsøk i isbading på Tjuvholmen. Eg badar helst i sjøen og når det er sol, temperaturen er ikkje så viktig.
 

– Og ja, det blei rekord!, avsluttar den nye prodekanen.


Les meir

Av Magnus Heie, Det utdanningsvitenskaplege fakultet
Publisert 1. feb. 2021 14:17 - Sist endra 19. feb. 2021 09:43