Professor Grossmans briljante lærarinne

NY ÆRESDOKTOR: Anne Wallach heitte ho, kvinna som endra livet til professor Pamela Grossman. – Ho forstod på eit djupt plan korleis det var å vere ungdom, ho såg oss, seier forskaren, som har som mål at alle barn skal få erfare slike kloke og myndige lærarar.

Pamela Grossman. Foto

Kva det mest presserande for utdanningsforskinga er i dag? – Vi må finne ut korleis vi utdannar lærarar som verkar – og sørge for at dei blir i yrket, seier professor Pamela Grossman. Foto: Shane Colvin / UiO

Professor Pamela Grossman har brukt heile forskarkarrieren sin på å finne ut kva som eigentleg, heilt presist, gjer den gode læraren god og korleis vi kan behalde desse lærarane i skulen slik at alle barn får tilgang på undervising av høg kvalitet.

For ingenting utjamnar sosial og kulturell ulikskap så effektivt som ein god skulegang, ifølgje UVs nye æresdoktor.

Grossman, ein ekspert i engelskundervising og dekan ved Graduate School of Education, Universitetet i Pennsylvania, har studert ved Yale og arbeidd ved Stanford, to av USAs mest prestisjefylte universitet, men læraren som har gjort mest inntrykk på ho, var engelsklæraren ho hadde i vidaregåande. Anne Wallach.

– Ho endra livet mitt, seier Grossman.

Den eineståande læraren

– Eg har alltid vore ein lesehest (sjå lesetips nedst i saka, red.anm), men Anne Wallachs kurs i amerikansk litteratur opna ei heilt ny verd for oss. Ho var ein eineståande lærar som påverka både mitt og andre elevars liv enormt. Det var ho som inspirerte meg til å bli lærar.

Dermed byrja Grossman si undervisingskarriere allereie på vidaregåande. Ho blei rett og slett lærarassistent for Wallach i det same kurset, medan ho framleis gjekk på vidaregåande sjølv.

– Eg var ivrig etter å lære frå Wallach og prøve meg i lærarrolla så fort som muleg. Det var så givande å sjå korleis elevane hennar blei engasjerte i bøkene vi las, ideane bøkene bar med seg som vi diskuterte og knytte oss til, seier Grossman.

Men kva var det den briljante lærarinna gjorde, heilt spesifikt?

– Ho fekk oss til å føle og erfare litteraturen. Då vi skulle lese Walt Whitmans berømte diktsamling Leaves of Grass, til dømes, tok ho oss med til ein park ikkje så langt frå skulen. Vi leste boka der, omgitt av naturen. Det opna opp dikta for oss.

Året var 1969 og Grossman var 15 år.  

Bildet kan inneholde: anlegg, musikk instrument, musiker, blomst, bord.
Ein god leiar forventar ikkje det same av ein førsteårslærarar som frå nokon med tjue års erfaring, meiner Pennsylvania-professor Pamela Grossman. Her frå æresdoktorførelesinga ho heldt i Helga Engs hus 2. september. Foto: Shane Colvin / UiO

– I tillegg forstod ho på eit djupt plan korleis det var å vere ungdom, og ho brydde seg om oss. Difor valde ho forteljingar som snakka til oss, til der vi var i livet, fortel Grossman.

Elevane lurte veldig på korleis lærarinna klarte å finne bøker som så presist fanga opp det dei kjempa med i liva sine nett då, reflekterer ho, dette var lenge for framveksten av Young Adult-sjangeren.

I dag frydar Grossman seg over seinare tilskot som til dømes Beloved av Toni Morrison, berre eitt døme på samtidslitteratur som snakkar til spesifikke kulturerfaringar som er blitt så viktige for ungdom i dag.

– Og tenk at det finst ein TV-serie om Emily Dickinson, ein av favorittpoetane mine!

Men Anne Wallach underviste i ei anna tid, og Grossman studerte i denne tida, då det ikkje fanst så mange mulegheiter verken for popularisering eller for kvinner i yrkeslivet. Det at Wallach tok ut kjærleiken sin til litteratur gjennom læraryrket skal dei som fekk vere elevane hennar vere veldig glade for, meiner Grossman.

– Ho engasjerte oss med det ho hadde, sin eigen lidenskap for litteraturen, og det var meir enn nok.

– Å undervise er vanskeleg

Det er leikande lett å be Grossman gje råd til lærarstudentar som ynsker seg inn i yrket i dag og forhåpentleg også blir verande der.

– Å undervise er vanskeleg, eit faktum eg trur lærarstudentar ofte undervurderer. Dei har sett lærarar både i grunnskulen og høgare utdanning meistre det, dei har sett det fungere og sjå lett ut, men ingen får det til med det same.

Ho understrekar at i andre profesjonar, som hos sjukepleiarane, legane og juristane, aksepterer studentane at dei er nybyrjarar. Dei kjem til utdanninga og yrket for å lære.

– Men vi som utdannar lærarar, tek imot studentar som ofte kjem med haldninga at «dette kan eg, eg har tilbrakt heile livet mitt i klasserom», seier Grossman før ho ler hjarteleg, noko ho gjer ofte.

– Dei undervurderer kor krevjande det kan vere, særleg dei første to åra, seier meir alvorsamt.

– Det blir lettare! Alle lærarar som har vore lenge i klasserommet kan stadfeste det.

Grossman plagast av tanken på alle som sluttar som lærarar etter desse første par åra, av nett den grunnen, og ofte er det lite støtte å få i starten av karrieren. Professoren manar til tålmod.

– Det blir lettare! Alle lærarar som har vore lenge i klasserommet kan stadfeste det. Men vi som utdannar lærarar må blir betre på å førebu lærarstudentane på dette slik at dei ikkje blir overvelda. I  det minste må vi førebu dei på å bli overvelda, seier ho.

Dei lærarane som blir i læraryrket, er dei som har god støtte i andre lærarar og klarer å skape seg gode profesjonsnettverk, viser forskinga til Grossman. 

– Skuleleiarar må vere medvitne om kor mykje støtte nye lærarar treng. Vit kva som skjer, besøk klasseromma! Og ver tilgjengeleg, hald døra di open. Ein god leiar forventar dessutan ikkje det same av ein førsteårslærarar som han forventar frå nokon med tjue års erfaring.

Grossman trur mentorordningar og lågare arbeidsmengde i starten kan være vegar å gå for å dempe lærarflukta.

Høge forventingar

Når det gjeld god undervising, trur ikkje Grossman at kvalitet ser noko annleis no enn tidlegare. Ein god lærar er stadig, som hennar Anne Wallach, det forskaren kallar ein «warm demander».

– Ein god lærar har høge forventingar til kva elevane skal lære og er sjølv svært involvert i læringa deira. Den gode læraren ser og kommuniserer kva som er muleg for kvar enkelt, og stiller krav på ein omsorgsfull måte, seier ho.

For tida er det blant anna etterdønningane etter pandemien som utfordrar lærar-elev-relasjonen, i hennar heimland som her heime.

 – I USA er det svært krevjande å møte behova til unge no. Mange har psykiske utfordringar som ikkje var der før. Å vere tenåring og isolert frå vener, fanga i den heimen du er meint å skulle bryte ut frå, var svært hardt for mange. Difor trefte nedstenginga ungdom spesielt hardt – dei som meir enn nokon treng å kjenne seg påkopla jamnaldra, seier ho.  

Meir generelt meiner professoren at hovudutfordringa for læraryrket er den same i dag som ho var i 1975, då Grossman starta på bachelorgraden sin ved Universitetet i Yale: Lærarprofesjonen manglar det mange andre profesjonar har; eit felles teknisk språk som baserer seg på ei felles forståing og ein felles visjon for kva kvalitet i praksisen er.

– Dette gjeld den dag i dag, sa Grossman under æresdoktorførelesinga ho heldt på Helga Engs hus fredag 2. september.

Lærarprofesjonen manglar det mange andre profesjonar har; eit felles teknisk språk.

Heldigvis er professoren ein ukueleg optimist. Framleis er ber ho på ein draum om at lærarprofesjonen ein dag skal lykkast i å skape eit felles undervisingsspråk, på tvers av fag og på tvers av land.

– Lærarautonomien kviler på ein felles, profesjonell kompetanse, seier ho, eit nikk til legar og jazzmusikarar. – Og vi kan sjå til sjukepleiarane. Dei har definert sju kjerneområde for praksisen sin som igjen er brote ned i mindre delar, seier ho.

Grossmans draum er å systematisere den kvardagslege undervisingspraksisen på liknande vis. Ho arbeider no for å definere det ho kallar kjernepraksisar for lærarar, slik altså profesjonar som sjukepleie, klinisk psykologi eller juss har det.

I prosessen utvikla ho ved det ho kallar eit uhell observasjonsverktyet PLATO (Protocol for Language Arts Teaching Observations), som blei laga for å definere kva undervising som fungerte i språk- og litteraturfaga, og som blant andre forskingssenteret QUINT Kvalitet i nordisk undervising også brukar i mattematikk og samfunnsfag, i tillegg til i morsmålsfaga i alle dei nordiske landa.

Kva ville Grossman gjort annleis om ho skulle gjere ting om att?

– Mange ting! Eg ville først og fremst ha involvert ekspertar på måling heilt frå starten av, sidan dette ligg utanfor mitt kompetanseområde.

Ho fortel at ho i starten av forskarkarrieren sin gjorde samanlikningar mellom undervising, klinisk psykologi og presteskap. Ho har alltid vore interessert i dei relasjonelle sidene ved undervising.

– Det er lærarane som klarar å kople seg på elevane, bygge relasjonar og bruke denne tilknytinga til å få elevane interesserte i faget, som lykkast best med læring. PLATO ser faktisk ikkje på det relasjonelle. Så, om eg skulle gjort noko på nytt, ville eg prøvd å inkludere dette aspektet også, seier ho.

Bildet kan inneholde: smil, lykkelig, begivenhet, moro, formelt antrekk.
Dekan Rita Hvistendahl (t.v.) ved Det utdanningsvitskaplege fakultet sørga for at den nye æresdoktoren fekk med seg heim eit bærenett fullt av norsk omsett litteratur. Pamela Grossman les nemleg heile tida. Foto: Jarli & Jordan / UiO

Kva er andre innsikter vil ho trekke fram frå forskinga si hittil?

– Målet med språk- og litteraturundervising er å sørge for at det er elevane som les, skriv og analyserer, at det er dei som driv meiningsskapinga, seier ho.

Grossman fortel om eit videoopptak ho somme tider brukar i eiga undervising i lærarutdanninga. Videoen viser ein klasse som diskuterer ein svært kompleks tekst og der elevane diskuterer ivrig og heftig, er ueinige med kvarandre, men svært engasjerte i samtalen.

– Å få til ein slik klasseromsamtale krev mykje arbeid. Læraren må førebu elevane på å vite korleis dei skal lese kritisk, korleis dei skal diskutere på ein konstruktiv måte og korleis dei aktivt skal lytte til andre sine idear. Når du ser sluttproduktet, så ser samtalen heilt uanstrengd ut, og ferske lærarar kan bli mållause. Ein av mine tidlegare studentar sa at «det der er magi» då ho såg videoen.

– Men det er ikkje magi! seier Grossman og ler. – Det er hardt arbeid!

Og når du les dette intervjuet er ho attende på kontoret sitt i Philadelphia, der ho arbeider med å bryte ned kvar ein liten bestanddel i engelsk-klasserommet slik at ho kan vise komande lærarar korleis dei kan skape liknande situasjonar.

Grossmans lesetips

UVs nye æresdoktor les absolutt heile tida. Her er nokre av dei nylege lesnadene hennar, som ho tilrår på det varmaste.

  • Candy House av Jennifer Egan
  • Hamnet av Maggie O’Farrell
  • Still life av Sarah Winman
  • This is happiness av Niall Williams
  • Better: A Surgeon's Notes on Performance (og alt anna) av Atul Gawande
  • Dei nyaste biografiane om poetane Elizabeth Bishop og Emily Dickinson
     
Emneord: Æresdoktor, Undervisningskvalitet Av Monica Bjermeland
Publisert 5. sep. 2022 20:56 - Sist endra 20. sep. 2022 17:16