Personvernerklæring for alumninettverk ved Det utdanningsvitskaplege fakultet

Det følgjande er ei generell personvernerklæring for ulike alumninettverk ved Det utdanningsvitskaplege fakultet, Universitetet i Oslo – frå no av kalla «fakultetet».

Fakultetet ønskjer å etablere og vidareutvikle eit alumninettverk for å halde oppe og styrkje relasjonen til tidlegare studentar etter avslutta utdanning. Tidlegare studentar utgjer ein viktig ressurs for fakultetet, og alumninettverket skal leggje til rette for samarbeid og erfaringsutveksling mellom noverande studentar, alumni og relevante aktørar i arbeids- og praksisfeltet.

Kva er ei personvernerklæring?

For å kunne administrere og utvikle alumninettverket, samt tilby alumnar eit profesjonelt nettverk, invitasjonar til relevante arrangement, fagleg påfyll og informasjon om etter- og vidareutdanning, behandlar fakultetet personopplysningar om tidlegare studentar. Vi er forplikta til å verne personopplysningane dine og vere opne om kva informasjon vi lagrar. Denne personvernerklæringa forklarer kva personopplysningar som blir behandla, til kva føremål, og kva rettar du har i samband med behandlinga.

Kva blir rekna som personopplysningar?

Personopplysningar er alle former for data, informasjon, opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson. Det avgjerande for om ei opplysning er ei personopplysning, er om ho kan identifisere ein konkret person. Opplysningar som åleine ikkje kan knytast til ein enkeltperson, kan i tilfelle der opplysningane førekjem saman med andre data, utgjere ei personopplysning.

Behandlingsansvarleg

Universitetet i Oslo er behandlingsansvarleg for personopplysningar i fakultetet sine databasar for alumninettverk, jf. personvernforordninga.

Føremålet med behandlinga

Personopplysningane dine i alumninettverket sin database blir behandla for ei rekkje gjensidige føremål som styrkjer relasjonen mellom deg og fakultetet.

Dette blir gjort gjennom tilpassa førespurnader og relevant informasjon. Til dømes er behandling av personopplysningar i alumninettverket sin database nødvendig for at alumninettverket skal kunne kontakte deg om:

  • generell medlemsinformasjon
  • invitasjonar til faglege arrangement
  • tilbod om etter- og videreutdanning
  • nyheitsbrev
  • invitasjonar til sosiale og kulturelle arrangement i regi av alumninettverket og/eller relevante fagmiljø og deira samarbeidspartnarar
  • førespurnader om deltaking i arbeidsgrupper og panel
  • førespurnader om samarbeid
  • førespurnader om å delta i undersøkingar

Dersom du har spørsmål om nokon av desse føremåla, eller kommentarar til korleis vi kommuniserer med deg, kan du sende e-post til uv-alumni@uv.uio.no.

Kva personopplysningar blir behandla?

Vi lagrar informasjon knytt til deg frå fleire kjelder. Ein vesentleg del av informasjonen vi lagrar om alumnane våre, er informasjon du sjølv gir oss når du registrerer deg i eit alumninettverk.

Når du melder deg inn i eit alumninettverk, kan nokre av dei personlege opplysningane dine frå UiO sitt studentregister (FS) bli overførte til alumninettverket sin database. Desse opplysningane kan vere: namn, grad/fag, e-postadresse og uteksamineringsår. Alle andre personopplysningar registrerer du sjølv ved innmelding.

Alumninettverket sin database inneheld:

  • Fornamn
  • Etternamn
  • E-post
  • Studieprogram
  • Tilknytning til arbeidslivet
  • Stillingstittel
  • Arbeidsgivar
  • Land

Medlemsinformasjonen er ikkje offentleg.

Kor lenge lagrar vi personopplysningane dine?

Vi tek vare på personopplysningane dine i alumninettverket sin database, med mindre du ber oss om noko anna. Ved utmelding blir personopplysningane sletta.

Korleis vernar vi opplysningane dine?

Personopplysningane vil berre bli brukte av alumninettverket, og vil ikkje bli selde eller overførte til tredjepart, så langt ikkje anna følgjer av lov.

Vi deler ikkje personlege kontaktopplysningar utan førehands­godkjenning.

Universitetet i Oslo (UiO) har eit personvernombod som skal ta vare på personverninteressene til både studentar, tilsette og alumnar ved UiO. Personvernombodet ved UiO kan kontaktast via e-post: personvernombud@uio.no

Det rettslege grunnlaget for behandlinga

Personvernforordninga artikkel 6 f slår fast at behandling av personopplysningar kan finne stad når dette er nødvendig for at den behandlingsansvarlege skal kunne ivareta ei rettkomen interesse, og omsynet til personvernet til den registrerte ikkje veg tyngre enn denne interessa.

For å styrkje utdanninga, forskinga og omdømmet vårt har fakultetet interesse av at alumnane våre er knytte til oss. Kontakten med alumninettverket ved fakultetet bidreg samstundes til å styrkje karrierane og den faglege utviklinga til alumnane. Samarbeidet skal vere basert på gjensidig nytte. Fakultetet har ikkje høve til å systematisk halde ved lag relasjonen mellom universitetet og tidlegare studentar utan å tilby dei medlemskap i eit alumninettverk.

Personopplysningane som blir nytta i alumninettverket sin database, er ikkje av sensitiv karakter. Dei fleste personopplysningane vi har om deg, har du sjølv registrert ved innmelding. Behandlingsgrunnlaget er i desse tilfella aktivt samtykke frå deg, jf. personvernforordninga artikkel 6 a. Det inneber òg at du når som helst kan trekkje tilbake eller endre samtykket ved å sende e-post til uv-alumni@uv.uio.no.

Dine rettar

Vi handterer alltid personopplysningane dine på ein trygg måte, og bruken av opplysningane skal ikkje medføre ulempe for deg. Vi legg vekt på at det er frivillig å gi oss personlege opplysningar.

Du har rett til:

  • innsyn i alle personopplysningar som er registrerte om deg i alumninettverket sin database og ved UiO elles
  • informasjon om korleis vi behandlar personopplysningane dine
  • å få uriktige personopplysningar om deg retta
  • å få ufullstendige personopplysningar om deg supplerte
  • å avgrense korleis vi bruker opplysningane dine
  • å krevje at vi slettar profilen din

Ta kontakt med UV Alumni, uv-alumni@uv.uio.no, dersom du har spørsmål eller ønskjer å nytte deg av rettane dine som er omtala ovanfor.

Førespurnaden din vil bli behandla så raskt som mogleg, og seinast innan 30 dagar.

Publisert 13. jan. 2026 10:16 - Sist endret 13. jan. 2026 10:16