Det komplekse forbruket

UV FRUKOSTSEMINAR: Sosial, økonomisk og klimatisk berekraft grip inn i kvarandre på komplekse vis. Morgonens gjest, forskar Arve Hansen ved SUM, vil prøve å vikle ut omgrepet for oss.

Å vere ein berekraftig forbrukar er forvirrande og særdeles vanskeleg», ifølgje INCLUDE-forskarane. Kva skal utdanningsvitskapen med denne innsikta? Foto: Colourbox.com

Det er vanleg å snakke om at berekraft har tre dimensjonar: ei miljømessig, ei sosial og ei økonomisk. Bildet kan inneholde: font, sirkel.

I UV-fakultetet sitt arbeid med berekraft har det vore sett opp ein dynamikk mellom dei tre områda gjennom Kate Raworths diagram (modellen til høgre). 

Sosial, økonomisk og klimatisk berekraft grip inn i kvarandre, ei innsikt som har betyding for forsking på samfunnsforhold og på korleis den enkelte tenker, handlar og lærer. 

Men kva betyr det konkret?

Med bakgrunn i blant anna INCLUDE Forskingssenter for sosialt inkluderande energiomstilling, vil forskar Arve Hansen ved Senter for Utvikling og Miljø (SUM) peike på samanhengar mellom handling, sosiomaterielle forhold og berekraft.

Bakgrunn: Vi er ikkje rasjonelle

«Eit solid forskingsgrunnlag», skriv INCLUDE-forskarane, «viser tydeleg at forbruk er eit komplisert sosialt fenomen, sterkt påverka av eit sett politiske og materielle faktorar. Likevel fokuserer miljøpolitikken i stor grad på individet og ein idé om at rasjonelle forbrukarar vil ta berekraftige val så lenge dei får nok informasjon.»

Frå klimaforskinga veit vi at det ikkje er tilfelle.

INCLUDE-senteret har som ambisjon å gå djupare enn individuelle val. Dei vil i tillegg prøve å forstå forbruk som ein del av kvardagslivets geografi og praksis, inkludert korleis produksjon og 'provissjonssystem' påverkar forbruksmønsteret vårt.

Å trenge gjennom forvirringa

«Å vere ein berekraftig forbrukar er forvirrande og særdeles vanskeleg», ifølgje INCLUDE-forskarane.

Dei er difor i gang med å intervjue husstandar, beslutningstakarar og næringslivsaktørar for å forstå utfordringane og forhandlingane husstandar står overfor, samt dei sosiale, politiske, materielle og institusjonelle faktorane som hindrar og mogleggjer berekraftig og rettvis forbruk.

Men kva har dette å seie for korleis vi lærer og endrar praksis?

Kom på seminar og finn svar! Forskingsdekan Erik Knain innleier møtet.

 Påmelding her

 

Arrangør

Dekanatet og Seksjon for forsking og kommunikasjon
Emneord: Bærekraft
Publisert 18. sep. 2024 14:09 - Sist endra 24. okt. 2024 11:35