Munnleg eksamen

Formelle rammer

Munnleg eksamen er ein integrert eksamen i pedagogikk og fagdidaktikk A. Eksamen varer inntil 30 minutt, inkludert tid for sensorkonferanse og grunngiving. Vurderinga vert gitt kvar enkelt kandidat straks etter gjennomført eksamen. Kandidaten trekker eit hovudtema ved eksamensstart. Den munnlege eksamenen har form som ein fagleg samtale der kandidaten skal gjere greie for pensumlitteratur i fagdidaktikk og pedagogikk, og dessutan bruke relevante døme frå praksis til å drøfte temaet som vert trekt. Andre faglege tema vil også inngå i samtalen. Aktuelle hovudtema for våren 2024 er publisert på ei eiga nettside.

Hjelpemiddel

Alle papirbaserte hjelpemiddel er tillatne under eksamen.

Eksamensspråk

Eksamensoppgåva er på norsk. Studentar kan svare på norsk, svensk eller dansk. Studentar som har engelskdidaktikk som fagdidaktikk A, kan svare på engelsk.

Vurdering

Eksamen vert vurdert med karakteren A-F.

Vurderingskriterium

Karakter Definisjonen  Fagspesifikke kriterium
A Framifrå prestasjon. Kandidaten viser svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.
  • Gjennom fagsamtalen viser kandidaten framifrå kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen i pedagogikk og fagdidaktikk.  
  • Kandidaten argumenterer svært klart og sjølvstendig i samtalen, og underbyggjer påstandar med fagomgrep og tilvising til pensumlitteratur. Kandidaten evnar tydeleg å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og nyttar teori og eventuelle praksisdøme på ein nyansert og kritisk måte. 
  • Kandidaten nyttar eit svært presist og sjølvstendig språk i samtalen.
B Svært god prestasjon. Kandidaten viser svært god vurderingsevne og sjølvstende.
  • Gjennom fagsamtalen viser kandidaten svært god kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen i pedagogikk og fagdidaktikk.  
  • Kandidaten argumenterer svært klart og sjølvstendig i samtalen, og underbyggjer påstandar med fagomgrep og tilvising til pensumlitteratur. Kandidaten evnar på ein svært god måte å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og nyttar teori og eventuelle praksisdøme på ein nyansert og kritisk måte.
  • Kandidaten nyttar eit svært presist og sjølvstendig språk i samtalen.
C Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste område. Kandidaten viser god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.
  • Gjennom fagsamtalen viser kandidaten god kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen i pedagogikk og fagdidaktikk.  
  • Kandidaten argumenterer jamt over klart og sjølvstendig i samtalen, og underbyggjer påstandar med fagomgrep og tilvising til pensumlitteratur. Kandidaten evnar på ein god måte å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og nyttar teori og eventuelle praksisdøme på ein til dels nyansert og kritisk måte. 
  • Kandidaten nyttar eit jamt over presist og sjølvstendig språk i samtalen.
D Ein akseptabel prestasjon med nokon vesentlege manglar. Kandidaten viser ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.
  • Gjennom fagsamtalen viser kandidaten i ein viss grad kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen i pedagogikk og fagdidaktikk.  
  • Kandidaten argumenterer i ein viss grad klart og sjølvstendig i samtalen, og underbyggjer i ein viss grad påstandar med fagomgrep og tilvising til pensumlitteratur. Kandidaten evnar berre i ein viss grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og nyttar teori og eventuelle praksisdøme på ein lite nyansert og kritisk måte. 
  • Kandidaten nyttar eit nokså godt språk som er lite sjølvstendig og er prega av mangel på faguttrykk.
E Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten viser lita vurderingsevne og sjølvstende.
  • Gjennom fagsamtalen viser kandidaten berre i ein viss grad kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen i pedagogikk og fagdidaktikk. 
  • Kandidaten argumenterer usamanhengande med liten grad av klarheit og sjølvstende i samtalen, og underbyggjer berre i ein viss grad påstandar med fagomgrep og tilvising til pensumlitteratur. Kandidaten evnar i liten grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og nyttar teori og eventuelle praksisdøme på ein lite nyansert og kritisk måte.
  • Kandidaten nyttar eit uklart språk der mangel på faguttrykk er framståande.
F Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende.
  • Gjennom fagsamtalen viser kandidaten sviktande eller ingen grad av kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen i pedagogikk og fagdidaktikk. 
  • Kandidaten argumenterer usamanhengande med liten eller ingen grad av klarheit og sjølvstende i samtalen, og underbyggjer i liten eller ingen grad påstandar med fagomgrep og tilvising til pensumlitteratur. Kandidaten viser sviktande forståing av samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og bruken av teori og eventuelle praksisdøme er fråverande eller heilt tilfeldig.
  • Kandidaten nyttar eit uklart språk der mangel på faguttrykk er framståande.
Publisert 27. aug. 2024 14:33 - Sist endret 27. aug. 2024 14:34