Som student skal du følgje UiO sine grunnreglar for bruk av kunstig intelligens (KI)
- Bruk KI som støtte, ikkje som erstatning for eige arbeid.
- Vis tydeleg når og korleis du har brukt KI.
- KI kan vere eit supplement for å forstå tema, pensum og terminologi, men verifiser alltid informasjonen mot pålitelege kjelder.
- Unngå sensitive opplysningar og opphavsrettsbeskytta materiale i KI-verktøy utan godkjenning. Sjå meir om juridiske føringar og etiske refleksjonar.
Godkjende KI-verktøy
Dette kan du bruke KI til i arbeid med oppgåver på lærarutdanninga ved ILS:
-
Idéutvikling
- Korrektur/språkvask
-
Omsetjing
-
Biletgenerering
Hugs at KI berre skal brukast som støtte, aldri som erstatning for eige arbeid. Du er sjølv ansvarleg for alle delar av arbeidet med oppgåva. Dersom du vel å bruke KI til korrektur og omsetjing, skal dette alltid kontrollerast av deg. Dersom du bruker KI-forslag til transkripsjon, må du også sjølv gå systematisk gjennom lyd-/videodata, både for å rette opp eventuelle feil i transkripsjonen og for å gjere deg kjend med data.
Dette kan du ikkje bruke KI til i arbeid med oppgåver på lærarutdanninga ved ILS
- Generere tekst som blir brukt direkte i oppgåva utan tilarbeiding
- Analyse av forskingsdata