– Dette er stor stas! No vert eg del av ein fellesskap av yngre forskarar frå mange fagfelt og frå heile landet. Eg trur det kjem til å bli veldig lærerikt, seier postdoktor Maja Nordtug.
Ho er ein av dei 11 nye medlemmene som Akademiet for yngre forskarar tek opp i haust, etter at rekordmange – 72 personar – søkte om medlemskap.
Vil vidareutvikle breidde-formidlinga si
Skal ein bli tatt opp som medlem, krevst eit sjølvstendig vitskapeleg eller kunstnarisk utviklingsarbeid, og at ein har markert seg aktivt og fagleg i eige fagfelt. Ein kan heller ikkje vere for gamal; maksimum 40 lys på bursdagskaka i opptaksåret.
– Eg søkte medlemskap fordi eg har veldig lyst til å bli kjent med forskarar frå andre fagfelt og engasjere meg meir i både forskingsformidling og forskingspolitikk. Akademiet for yngre forskarar gir meg ei god moglegheit til å gjere begge deler, seier Maja Nordtug.
Akademiet er landsomfattande og samlar forskarar frå ulike fagfelt. Føremålet er mellom anna å styrke stemma til forskarane og fremje deira deltaking i forskingspolitiske saker. Forskingsformidling er òg viktig for organisasjonen.
– Eg gler meg til å starte, seier Nordtug.
Ho fortel at ho mellom anna gler seg til å halde fram med, og bli enda betre på, forskingsformidling retta mot folk flest. Det siste året har ho til dømes skrive ein kronikk om kor utfordrande det kan vere å ta vaksineavgjerder i informasjonssamfunnet (Aftenposten), og då ho var på kino i vår, munna det ut ein kronikk om sosiale relasjonar på dei digitale plattformene (Forskersonen).
Forskar på det digitale familielivet
Maja Nordtug kjem frå Danmark og frå medievitskapen, og var innom OsloMet før ho vart tilsett på Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Oslo i fjor.
For tida forskar ho på korleis bruken av dei digitale plattformene påverkar familielivet og samspelet mellom generasjonane. Det gjer ho i det internasjonale forskingsprosjektet Familielivets plattformisering – saman med forskarkollegaer frå Universitetet i Oslo, England, Spania, Romania og Estland.
I prosjektet har Nordtug og dei norske kollegaene intervjua 55 personar frå 19 familiar i Noreg, medan kollegaene frå dei andre landa har gjort intervju der.
Dei prøver å finne ut av korleis teknologien, plattformene og algoritmane speler inn i relasjonane, kommunikasjonen og samspelet mellom ungar, foreldre og besteforeldre.
– I intervjua snakka vi med deltakarane om korleis dei bruker dei digitale plattformene, og kva desse tyder for relasjonane deira på tvers av generasjonane i familien. No held vi på å finne ut kva resultat vi vil fokusere på.
I neste steget skal forskarane samanlikne resultata på tvers av landa.
Tre medlemmer frå Det utdanningsvitskapelege fakultetet
Nordtug er den einaste nye, men den tredje noverande Akademi-medlemmen frå Det utdanningsvitskapelege fakultetet på Universitetet i Oslo. I nettverket får ho selskap av fakultetskollegaene Nora Elise Hesby Mathé frå Institutt for lærarutdanning og skoleforsking og Astrid Marie Jorde Sandsør frå Institutt for spesialpedagogikk.
Akademiet for yngre forskarar har om lag 40 medlemmer. Nettverket tek opp nokre få medlemmer kvart år, og kvart av dei vert sitjande i fire år.
Leiar Tone Kvernbekk ved Institutt for pedagogikk synest det er kjekt at Maja Nordtug har vorte medlem av Akademiet for yngre forskarar.
– Eg vil gratulere Maja med medlemskapen! Det er flott for henne, viktig for instituttet og noko vi alle er stolte av, seier instituttleiaren.