Instituttstyret ved Institutt for spesialpedagogikk (ISP)

Instituttstyret er det fremste vedtaksorganet instituttet har.

Rolle

  • Styret vedtek overordna mål, prioriteringar og strategiar for instituttet.
  • Instituttleiar er leiar i styret og førebur sakene som behandlast.
  • Administrativ leiar er sekretær, men ikkje styremedlem.
  • Alle møter i instituttstyret er vanlegvis opne.
  • Styret kan lukke møtet i noen saker slik at berre medlemmer i styret og sekretær er tilstades.
  • Styret utøver ansvaret sitt basert på vedtak i universitets- og fakultetsstyret, og innanfor dei lovene, forskrifter og reglane som til ei kvar tid gjeld.

Saker

  • Dei fleste sakene som styret drøftar, er regulert i instituttets styrings- og administrasjonsreglementet.

Styret behandlar

  • Årsplan og budsjett.
  • Overordna planer, prinsipp og prioriteringar for verksemda som er nedfelt i langtidsplanar, som strategiske planar og faglege prioriteringar for instituttet.
  • Godkjenning av rekneskap og årleg rapport er eit av instrumenta styret har for å følgje opp verksemda.
  • Den interne organiseringa i avdelingar, faggrupper osv. blir og behandla av styret, innanfor dei rammene som fakultetsstyret fastset.
  • Ved tilsetjing av instituttleiar innstiller styret kven som bør tilsetjas. Innstillinga blir behandla av fakultetsstyret, som har råderett til å ta avgjersler ved tilsetjingar.
  • Innstilling til faste og mellombels faglege stillingar blir teken av Innstillings- og tilsetjingsutvalet. Innstillinga blir behandla av tilsetjingsutvalet ved fakultetet (TUV), som har råderett ved avgjersler om tilsetjingar.

Sjå elles Administrasjonsreglement for Institutt for spesialpedagogikk (pdf)

Instituttstyret vedtek Retningslinjer for praktisering av arbeidspliktbestemmelsene ved Institutt for spesialpedagogikk

Instituttstyret
01.01.2017 - 31.12.2020

 

Ona Bø Wie Instituttleiar
Monica Melby-Lervåg Stedfortreder for instituttleiar
Anett Kaale Medlem valt av det vitskapelege personalet
Jan Grue Medlem valt av det vitskapelege personalet
Gøril Moljord Medlem valt av det midl. tilsette vitskapelege personalet
Nicolai Mowinckel-Trysnes Medlem valt av det teknisk/adm. personalet
Greta Marie Rakvaag Medlem valt av studentane
Damini BhargavaMay Nayeli Hauge Medlem valt av studentane
Vara:
Steinar Theie 1. varamedlem valt av det vitskapelege personalet
  2. varamedlem valt av det vitskapelege personalet
Christiane Lingås Haukedal 1. varamedlem valt av det midl. tilsette vitskapelege personalet
Andrey Belovodskiy, 1. varamedlem valt av det teknisk/adm. personalet
Damini Bhargava 1. varamedlem valt av studentane
  2. varamedlem valt av studentane

 

Kontakt

Postadresse Postboks 1140 Blindern 0318 Oslo Besøksadresse Helga Engs hus Sem Sælands vei 7 4 etasje Telefon: 22 85 80 59 E-post: