– Eg har forska på ein metode som vert kalla endringsverkstader. Dette var eit samarbeid mellom forskarar og leiarar i vidaregåande skular som gjekk over to år, fortel Ødegaard.
Ho forklarar at i starten var det litt uklart kva verkstadene skulle handle om. Difor var det viktig å bruke tid på å finne eit felles mål og fokus, slik at alle arbeidde mot det same utviklingsprosjektet.
Verktøy for felles mål
Ødegaard fortel at ulike verktøy hjelpte dei med å finne dette felles målet. Forskarane brukte til dømes informasjon frå skulen, som sitat frå observasjonar. Dei brukte òg ulike teoriar og modellar for å hjelpe leiarane til å tenke over og utvikle felles mål og fokus.
– Eg fann ut at dei vanlege måtane å arbeide på vart betre i løpet av endringsverkstadene.
– Målet med verkstadene byrja òg å påverke andre ting. Til dømes vart lærarane meir aktive i møte og tok nye roller, seier forskaren.
Opptatt av skuleutvikling

Ødegaard har tidlegare arbeidd som lærar og leiar i både ungdomsskule og vidaregåande skule. No er ho prosjektleiar ved Universitetet i Innlandet og arbeider saman med skular og skuleeigarar.
– Eg har nok vore interessert i korleis skulen kan utvikle seg heilt sidan eg byrja som lærar. For ti år sidan underviste eg på ein skule som samarbeidde med ein høgskule. Eg synest dette samarbeidet var veldig nyttig for å tenke kritisk og for å strukturere utviklingsarbeidet, slik at vi kom framover, seier ho.
Ein lite brukt metode i skulen
Metoden Ødegaard har forska på er ikkje så vanleg å bruke blant skuleleiarar. Då moglegheita dukka opp for å forske på korleis endringsverkstader fungerte for leiarar i vidaregåande skule, måtte ho gripe den.
– I tillegg til at det er meir fokus på skuleutvikling, er det òg stor tru på forpliktande og utviklande partnarskap mellom skular og universitet/høgskular. Det har vore mindre fokus på korleis styresmaktene skildrar slike samarbeid, så det var eg òg nysgjerrig på, seier forskaren.
Ønsker meir forskingsbasert drift av skulane
– Styresmaktene ønskte at skulane skulle drivast meir basert på forsking. Universiteta og høgskulane skulle bidra med kunnskap og metodar som var basert på den beste forskinga (evidensbasert), og som skulane skulle bruke.
Samtidig er det viktig å definere utviklingsområde lokalt. Ødegaard legg til at det òg har vore eit aukande fokus på at tilsette i skulen og i universitets- og høgskulesektoren skal inngå partnarskap.
Ødegaard fortel vidare at ho har forska på korleis skuleleiarane som deltok i prosjektet opplevde verktøya forskarane introduserte i verkstadene, og då særleg to sentrale teoretiske modellar i forskarane si verktøykasse.
Desse teoriane vart brukte for å finne felles mål og fokus i verkstadene og for å sjå på korleis arbeidsprosessar kunne endrast.
– Skuleleiarane hadde forskjellige opplevingar knytt til det å bruke teoriar som utgangspunkt for å arbeide med problemstillingar.
– Dei fleste synest det var mest nyttig å bruke teoriar som var laga for folk som arbeider i skulen, i staden for teoriar som verka meir abstrakte.
Viktigheita av å lytte til praksisfeltet
Mange har meiningar om korleis skular bør drivast. Kva bør politikarar gjere for å støtte skulen sitt arbeid?
– Eg trur at dei viktigaste endringane i skulen kjem frå dei som arbeider der kvar dag.
– Difor ville eg som politikar ha sørgt for at deira arbeid i størst mogleg grad handlar om det som er viktigast for skulen, nemleg elevane si læring, trivsel og utvikling. Som politikar ville eg òg spurt meg sjølv om det verkeleg er rett tid for å gjere endringar. Nokre gonger kan det vere like viktig å la skulen få tid til å etablere, forankre og gjennomføre planane i læreplanen. Samarbeid kan vere ei hjelp i dette arbeidet, seier Ødegaard.
Stor tru på samarbeid som arbeidsform
– Mi forsking viser at endringsverkstader er ein fleksibel metode som kan brukast i samarbeid der ein ønsker sterk lokal forankring og å utvikle handlingskraft. Det er stor tru på samarbeid som metode, både i Noreg og i andre land. Dette kjem tydeleg fram i politiske dokumenta eg har studert, seier forskaren.
– Det har vore mindre fokus på korleis styresmaktene ser for seg at samarbeid skal vere, kva det skal føre til og kvifor det er viktig. Endringsverkstad er ikkje så mykje brukt blant skuleleiarar, men det vert brukt mykje i innovasjonsarbeid både i offentleg og privat sektor. Så her er det mogleg å la seg inspirere av andre, avsluttar Ødegaard.