48-timars heimeeksamen

Eksamen del 3: 48-timars heimeeksamen (PPU3220, PPU3520D, PROF4045, PPU3620T)

Heimeeksamen er ein individuell eksamen som integrerer pedagogikk og fagdidaktikk A. I heimeeksamen skal du vise evne til å analysera og drøfta ei profesjonsfagleg problemstilling i lys av pedagogisk og fagdidaktisk teori.

Formelle krav

  • Framside med kandidatnummer, emnekode og emnenamn, aktuelt semester og talet på ord i eksamenssvaret
  • Omfang: 2500–3000 ord (ikkje medrekna framside og litteraturliste)
  • Bruk APA-norma for referansar og litteraturliste

Eksamen og innlevering

Eksamenssvaret skal leverast i eksamensløysinga Inspera. Sjå informasjon om eksamen i Inspera på semestersida. Merk at svaret skal leverast som eitt dokument, sidan det ikkje er mogleg å lasta opp vedlegg til eksamenssvaret i Inspera.

Vurdering

Eksamen vert vurdert med karakter A–F.

Vurderingskriterium

Vurderingskriteria gir ei typebeskriving av svar på dei ulike nivåa. Eksamenssvar vil i praksis ofte ha innslag av ulike nivå, og vurderinga vil måtta vera basert på ei ganske stor grad av skjøn. Til dømes vil total mangel på fagkunnskap i pedagogikk og/eller fagdidaktikk gi karakteren «F - ikkje greidd», sjølv om kandidaten dokumenterer god refleksjons- og formidlingsevne.

Karakter/
UiO-beskriving

Stofftilfang

Vurderingsevne og sjølvstende

Språk, struktur og formalia

A Framifrå

Framifrå prestasjon som skil seg klar ut.

Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

Kandidaten svarar  på spørsmålet i oppgåveformuleringa. Diskusjonen av pedagogisk og fagdidaktisk teori viser framifrå kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

Kandidaten argumenterer svært klart og sjølvstendig og underbyggjer med tilvising til pensumlitteratur. Kandidaten evnar tydeleg å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og eventuelle eksempel frå praksis.

Språket er svært presist og sjølvstendig. Teksten er godt strukturert. Formalia er oppfylt.

B

Mykje god

Mykje god prestasjon.

Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende. 

Kandidaten svarar på spørsmålet i oppgåveformuleringa.

Diskusjonen av pedagogisk og fagdidaktisk teori viser svært god kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

Kandidaten argumenterer klart og sjølvstendig og underbyggjer med tilvising til pensumlitteratur. Kandidaten evnar på ein god måte å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og eventuelle eksempel frå praksis.

Språket er presist og sjølvstendig. Teksten er godt strukturert. Formalia er oppfylt.

C

God

Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.

Kandidaten svarar på spørsmålet i oppgåveformuleringa.  Diskusjonen av pedagogisk og fagdidaktisk teori er god og kjennskapen til og forståinga av pensumlitteraturen er prega av breidd og djupn utan klare manglar.

Kandidaten argumenterer til dels sjølvstendig. Kandidaten evnar å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk. Teori og eventuelle eksempel frå praksis vert brukt stadfestande, med noko nyansering og kritisk diskusjon.

Språket er godt og sjølvstendig. Teksten er strukturert. Formalia er oppfylt.

D

Nokså god

Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjøvstende.

 

Kandidaten svarar i nokon grad på spørsmålet i oppgåveformuleringa. Diskusjonen av pedagogisk og fagdidaktisk teori har ei viss relevans. Kandidaten viser ujamn kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

Oppgåvesvaret er prega av argument  som kan verka som meiningsytringar.
Kandidaten evnar berre i nokon grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk.
Teori og eventuelle erfaringar frå praksis er presenterte og diskuterte på ein lite nyansert og kritisk måte.

Språket er nokså godt, men lite sjølvstendig og prega av mangel på faguttrykk. Teksten har ein viss struktur. Formalia er i rimeleg grad oppfylt.

E

Tilstrekkeleg

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.

 

Kandidaten svarar i nokon grad på spørsmålet i oppgåveformuleringa. Diskusjonen av pedagogisk og fagdidaktisk teori har noko relevans, men kan til tider vera noko perifer og tilfeldig. Kandidaten viser ujamn og mangelfull kjennskap til og forståing  av pensumlitteraturen.

Oppgåvesvaret er prega av usamanhengande argument som verkar som meiningsytringar.
Kandidaten evnar berre i nokon grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk. Teori og eventulle erfaringar frå praksis er presenterte og diskuterte på ein lite nyansert og kritisk måte.

Framstillinga er forståeleg, men språket er til dels uklart og/eller forvirrande. Mangel på faguttrykk er framtredande. Teksten har svak struktur. Formalia er i nokon grad oppfylt.

F

Ikkje greidd

Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

 

Kandidaten svarar i liten grad på spørsmålet i oppgåveformuleringa.

Diskusjonen av pedagogisk og fagdidaktisk teori er fråverande eller reint tilfeldig, og viser klart mangelfull eller heilt sviktande kjennskap til og forståing  av pensumlitteraturen.

Oppgåvesvaret er prega av usamanhengande argument som verkar som meiningsytringar. Kandidaten ser i liten eller ingen grad samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk. Teori og eventuelle erfaringar frå praksis vert i liten eller ingen grad diskutert.

Framstillinga er forståeleg, men språket er uklart og/eller forvirrande. Mangel på faguttrykk er framtredande. Teksten er ustrukturert. Formalia er i  liten eller ingen grad oppfylt.

Publisert 24. jan. 2019 16:49 - Sist endret 28. jan. 2019 14:01