Regjeringa har sett ned ein lesekommisjon som skal bidra til å løfte barn og unge sine leseferdigheiter og leselyst.
– Lesing er grunnleggande både for utdanning, arbeidsliv og ikkje minst for å kunne delta i demokratiet. Eg er difor utruleg glad for at Lesekommisjonen no er på plass, og at vi skal få kome med forskingsbaserte, konkrete råd om korleis vi kan jobbe endå betre med lesing og leseglede, seier Blikstad-Balas som er professor ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking.
Vil snu den negative lesetrenden
Den breie Lesekommisjonen, som består av 13 ekspertar frå skule-, høgare utdannings- og kultursektoren, kjem til å møtast jamleg dei neste månadene.
– Det blir viktig for oss å bruke all kompetansen i utvalet i tillegg til å hente inn høyringsinnspel frå alle som har noko viktig å bidra med om lesing og leselyst, seier Blikstad-Balas.

Deretter skal kommisjonen konkretisere kva vi alle kan gjere for å snu den negative utviklinga i lesing.
– Vi skal samle det beste av forsking og erfaring, slik at barnehagar, skular og foreldre kan få råd i arbeidet med å utvikle motiverte og gode lesarar, seier kommisjonsleiaren.
Eg er utruleg glad for at Lesekommisjonen er på plass og at vi skal få kome med forskingsbaserte, konkrete råd om korleis vi kan jobbe endå betre med lesing og leseglede
Bakgrunnen for at regjeringa styrker innsatsen for lesing er mellom anna resultat frå internasjonale studiar som viser at det går feil veg. PISA-undersøkingane i 2018 og 2022 viste ein markant nedgang i norske 15-åringar sine leseferdigheiter. Like leis nasjonale prøver i lesing.
I PIRLS 2021 såg vi ein nedgang i norske 10-åringar sine leseprestasjonar. Våre 10-åringar rapporterte lågast leseglede blant alle dei 65 deltakarlanda.
Den viktige barnehagealderen
Mange barnehagar og skular jobbar godt med lesing, men det er store skilnader i korleis leseopplæringa blir praktisert.

Med kommisjonens råd håpar regjeringa at fleire skal kunne drive med endå meir motiverande, systematisk og forskingsbasert leseopplæring – også for dei yngste.
Difor er det ein styrke at også professor Veslemøy Rydland ved Institutt for pedagogikk sit i kommisjonen.
Rydland har forska på fleirspråklege barns språkutvikling.
– I barnehagealderen blir eit svært viktig grunnlag for seinare lesing lagt. Eg er difor veldig glad for at Lesekommisjonen også skal rette merksemda mot dei yngste barna, seier ho.
I prosjektet Språksterk, har Rydland og kollegaer utvikla ein modell for korleis barnehagar i fleirspråklege område kan bidra til god inkludering og språkutvikling for alle barn.
Lesing blir strategisk satsing ved UV-fakultetet
– Å peike ut ein nasjonal strategi for lesekompetanse er særdeles viktig i ei tid der lesing som grunnleggande ferdigheit vert utfordra, seier professor Ola Erstad, som i fleire tiår har forska på digitaliseringa sin effekt på læring.
I dag er han dekan ved Det utdanningsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo.

– Eksisterande forsking kan hjelpe oss med å peike i ei retning, men også ved å vise kva lesing betyr i barn og unges livsverd i dag, seier Erstad.
UV-fakultetet har ei rekke leiande forskingsmiljø både i lesing og skriving.
– Desse ønsker vi no å samle som eit strategisk satsingsområde for å kunne bidra i den nasjonale dugnaden med å styrke barn og unges deltaking i samfunnet og i framtidas arbeidsliv, seier Erstad.
Fordjup deg i leseekspertisen vår
Bli betre kjend med Marte Blikstad-Balas (podkast)
Bli betre kjend med leseforskingsprosjektet FRAME
Bli betre kjend med Språksterk-prosjektet
Bli kjend med Cross-READ-prosjektet
Bli kjend med SpedAims Kohort
Bli kjend med leseprosjekta i Eining for kvantitative utdanningsanalysar (EKVA)
Bli kjend med CREATE Senter for forsking på likheit i utdanning