Det utdanningsvitskaplege fakultet
Det utdanningsvitskaplege fakultet blei etablert med formål om å styrkje fokuset på utdanningsvitskapen ved Universitetet i Oslo. I dag er UV blitt eit av dei største utdanningsvitskaplege forskingsmiljøa i Europa og det leiande tverrfaglege utdannings- og forskingsmiljøet i landet. Fakultetet har dermed eit nasjonalt ansvar for å forvalte ei stor fagleg breidde.
Institutt for pedagogikk
Pedagogisk forskingsinstitutt, grunnlagt i 1938 med Helga Eng som første professor i faget, er det eldste i sitt slag i Noreg og kom til det nye fakultetet frå ei fortid som institutt ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Verksemda ved instituttet byggjer på tradisjonar frå både samfunnsvitskap og humaniora, med ei allmennpedagogisk og profesjonsretta innretning.
Institutt for lærarutdanning og skoleforsking
Institutt for lærerutdanning og skoleforskning har røter tilbake til etableringa av Pedagogisk seminar i 1907. Dåverande Senter for lærarutdanning og skoleteneste blei ein del av Universitetet i Oslo i 1988 og ein del av UV-fakultetet i 1996. Den opphavlege lærarutdannande hovudverksemda til Pedagogisk seminar er i dag utvida med internasjonal komparativ forsking og nye studieretningar innanfor blant anna skuleleiing.
Institutt for spesialpedagogikk
Institutt for spesialpedagogikk blei etablert som ein sjølvstendig lærarskule i 1961 under namnet Statens spesiallærarhøgskole. Spesialpedagogikk handlar om å integrere perspektiv knytte til opplæring og utvikling for menneske som på ein eller annan måte har vanskar med å dra nytte av vanlege opplærings- og oppvekstrammer. I 1990 blei utdanninga knytt til Universitetet i Oslo som ei sjølvstendig eining, før ho blei ein del av Det utdanningsvitskaplege fakultet i 1996. I dag er instituttet også vert for SpedAims Senter for spesialpedagogisk forskning og inkludering.
Senter for pedagogiske målingar
CEMO Centre for Educational Measurement, på norsk Senter for pedagogiske målingar, blei etablert i 2013 som ei eining for psykometrisk forsking. Senteret bidreg til nasjonal og internasjonal kompetanseutvikling i pedagogiske målingar gjennom utdanning, forsking, formidling og rådgjeving.
Senter for forsking på likheit i utdanning
CREATE Centre for Research on Equality in Education sprang ut av miljøet ved CEMO og blei i 2023 landets første og einaste utdanningsvitskaplege senter for framifrå forsking (SFF). CREATE har som mål å produsere ny kunnskap om korleis samfunnet kan redusere ulikheit i utdanning.