FoU-oppgåva

Frå hausten 2019 vil oppgåveteksten for FoU-oppgåva verta noko endra. Denne versjonen gjeld til og med  våren 2019.

Eksamen del 2: FoU-oppgåve (PPU3220, PPU3520D, PROF4045, PPU3620T)

FoU-oppgåva er ein individuell eksamen som integrerer pedagogikk og fagdidaktikk B med erfaringar frå praksis. Du skal utvikla ei problemstilling, planleggja og gjennomføra ei empirisk undersøking som kan gi deg auka innsikt i eigen lærarpraksis. Resultata frå den empiriske undersøkinga skal analyserast og drøftast i lys av pedagogisk og fagdidaktisk kunnskap, og du skal diskutere kva slags implikasjonar resultata har for det vidare arbeid ditt med å utvikla lærarprofesjonaliteten din.

Du vel sjølv kva for ei side av lærarpraksisen din som skal vera tema for FoU-oppgåva, men problemstillinga må vera knytt til eitt eller fleire av punkta i det læringsutbytet som er skildra i emnebeskrivinga.

All informasjon frå praksis skal anonymiserast, slik at det ikkje er mogleg å identifisera skule, lærarar, elevar og medstudentar. Det er ikkje høve til å henta inn video-, bilet- eller lyddata i det empiriske arbeidet som ligg til grunn for FoU-oppgåva. Empiri og resultat frå FoU-arbeidet skal ikkje gjerast offentleg eller brukast i andre samanhengar enn eksamenssvaret.

Formelle krav

Eksamenssvaret skal ha eit omfang på 3000–4000 ord (ikkje medrekna framside, litteraturliste og vedlegg). Bruk APA-norma for referansar og litteraturliste.

Eksamenssvaret skal innehalda desse komponentane:

  • Framside med kandidatnummer, emnekode og emnenamn, aktuelt semester og talet på ord i oppgåva
  • Presentasjon og aktualisering av problemstillinga
  • Teoretisk bakgrunn
  • Metode og praktisk gjennomføring av undersøkinga
  • Resultat
  • Drøfting av kva slags implikasjonar resultata har for det vidare arbeidet ditt med å utvikla lærarprofesjonaliteten din
  • Litteraturliste i APA-norma

Eventuelle vedlegg: Innsamlingsverktøy som er brukt i den empiriske undersøkinga (spørjeskjema, observasjonsskjema, intervjuguide o.l.), skal leggjast ved. Innsamla materiale (elevtekstar, utfylte spørjeskjema o.l.) skal normalt ikkje leggjast ved, men kan takast med om nødvendig.

Eittfagsstudentar skal også leggje ved liste over sjølvvald tilleggslitteratur. Tilleggslitteraturen må vera godkjend av faglærar.

Rettleiingsprosessen og delinnleveringar

Obligatorisk rettleiing av problemstilling og metodisk plan

Du skal levera inn eit forslag til problemstilling, eit utkast til ein plan for korleis undersøkinga skal gjennomførast, og dine tankar om korleis undersøkinga vil medverka til å utvikla lærarprofesjonaliteten din. Teksten skal vera på 300–500 ord og skal leverast og vert rettleidd i læringsplattforma. Denne innleveringa er obligatorisk.

Frist:
PPU3220, PPU3520D, PROF4045: Innan fredag kl. 16.00 i andre praksisveke

PPU3620T (PPUTFN): Innan torsdag 15. februar kl. 23.59

Frivillig rettleiingsseminar

Etter praksis vert det arrangert et rettleiingsseminar der du får presentera det arbeidet du har gjort så langt, og diskutera det med medstudentar og faglærar. To dagar før seminaret leverer du ein tekst der du presenterer problemstillinga di (eventuelt revidert) og tre spørsmål du ynskjer å diskutera. Teksten skal ikkje overstiga 300 ord, og han skal leverast i læringsplattforma. Rettleiingsseminaret er et frivillig tilbod. Informasjon om tid, stad og påmelding blir gitt i læringsplattforma.

PPU3620T (PPUTFN): Det blir sett opp tid til å arbeide med FoU-oppgåva i veke 8 med høve til rettleiing. I tillegg vert det tilbode frivillig rettleiing på utkast i veke 15. 

Eksamensinnlevering

Eksamenssvaret skal leverast i eksamensløysinga Inspera. Sjå informasjon om eksamen i Inspera på semestersida. Merk at svaret skal leverast som eitt dokument, sidan det ikkje er mogleg å lasta opp vedlegg til eksamenssvaret i Inspera. Sjå innleveringsfrist for FoU-oppgåva under «Eksamen: tid og sted» på semestersida.

Vurderingskriterium

Vurderingskriteria gir ei typebeskriving av svar på dei ulike nivåa. Eksamenssvar vil i praksis ofte ha innslag av ulike nivå, og vurderinga vil måtta vera basert på ei ganske stor grad av skjøn. Til dømes vil total mangel på fagkunnskap i pedagogikk og/eller fagdidaktikk gi karakteren «F - ikkje greidd», sjølv om kandidaten dokumenterer god refleksjons- og formidlingsevne.

Karakter/
UiO-beskriving

Problemformulering og stofftilfang

Vurderingsevne og sjølvstende

Språk, struktur og formalia

A Framifrå

Framifrå prestasjon som skil seg klar ut.

Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

Kandidaten presenterer ei klar og avgrensa problemstilling som er særs relevant for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga. Det er brukt metode/metodar og empiri som er veleigna til å kasta lys over problemstillinga. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori er svært relevant for problemstillinga, og kandidaten viser framifrå kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

Kandidaten argumenterer svært klart og sjølvstendig og underbyggjer med tilvising til pensumlitteratur. Kandidaten evnar på ein svært god måte å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og empiri.

Språket er svært presist og sjølvstendig. Teksten er godt strukturert. Krav til innhald og formalia er oppfylte.

B

Mykje god

Mykje god prestasjon.

Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende. 

Kandidaten utviklar ei klar og avgrensa problemstilling som er svært relevant for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga. Det er brukt metode/metodar og empiri som er veleigna til å kasta lys over problemstillinga. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori er svært relevant for problemstillinga, og kandidaten viser svært god kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

Kandidaten argumenterer klart og sjølvstendig og underbyggjer med tilvising til pensumlitteratur. Kandidaten evnar på ein god måte å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og empiri.

Språket er presist og sjølvstendig. Teksten er godt strukturert. Krav til innhald og formalia er oppfylte.

C

God

Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.

Kandidaten utviklar ei problemstilling som er relevant for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga. Det er brukt metode/metodar og empiri som er eigna til å kasta lys over problemstillinga. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori er relevant for problemstillinga, og kjennskapet til og forståinga av pensumlitteraturen er prega av breidd og djupn utan klare manglar.

Kandidaten argumenterer til dels sjølvstendig. Kandidaten evnar å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og diskuterer teori og empiri med noko nyansering og kritisk refleksjon.

Språket er godt og sjølvstendig. Teksten er strukturert. Krav til innhald og formalia er oppfylte.

D

Nokså god

Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjøvstende.

 

Kandidaten utviklar ei problemstilling som er relevant for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga. Det er brukt metode/metodar og empiri som til ein viss grad er eigna til å kasta lys over problemstillinga. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori har noko relevans for problemstillinga, men kjennskapen til og forståinga av pensumlitteraturen er noko mangelfull.

Oppgåvesvaret er prega av argument som kan verka som meiningsytringar.
Kandidaten evnar berre i nokon grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk.
Teori og empiri er presenterte og diskuterte på ein lite nyansert og kritisk måte.

Språket er nokså godt, men lite sjølvstendig og prega av mangel på faguttrykk. Teksten har ein viss struktur. Krav til innhald og formalia er i rimeleg grad oppfylte.

E

Tilstrekkeleg

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.

 

Kandidaten utviklar ei problemstilling som har noko relevans for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga. Det er brukt metode/metodar og empiri som til ein viss grad er eigna til å kasta lys over problemstillinga. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori har noko relevans for problemstillinga, men kjennskapen til og forståinga av pensumlitteraturen er mangelfull.

Oppgåvesvaret er prega av usamanhengande argument som i stor grad verkar som meiningsytringar.
Kandidaten evnar berre i liten grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk. Teori og empiri blir presenterte og diskuterte på ein lite nyansert og kritisk måte.

Framstillinga er forståeleg, men språket er til dels uklart og/eller forvirrande. Mangel på faguttrykk er framtredande. Teksten har svak struktur. Krav til innhald og formalia er i nokon grad oppfylte.

F

Ikkje greidd

Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

 

Kandidaten utviklar ei problemstilling som har liten eller ingen relevans for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga. Det er brukt metode/metodar og empiri som i liten grad er eigna til å kasta lys over problemstillinga. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori har liten relevans for problemstillinga, kjennskapen til og forståinga av pensumlitteraturen er svært mangelfull.

Oppgåvesvaret er prega av usamanhengande argument som verkar som meiningsytringar. Kandidaten ser i liten eller ingen grad samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk. Teori og empiri blir i liten eller ingen grad diskutert.

Framstillinga er forståeleg, men språket er uklart og/eller forvirrande. Mangel på faguttrykk er framtredande. Teksten er ustrukturert. Krav til innhald og formalia er i liten eller ingen grad oppfylte.

Publisert 24. jan. 2019 16:32 - Sist endret 11. apr. 2019 14:45