Semesteroppgåva

Eksamen del 1: Semesteroppgåve (PPU3210, PPU3510D, PROF3025, PPU3610T)

Semesteroppgåva er ei individuell skriftleg oppgåve som integrerer pedagogikk og fagdidaktikk A.

I oppgåva skal du ta utgangspunkt i eit undervisingsopplegg du har gjennomført i praksis. Du skal formulere ei problemstilling som kan kaste lys over utvalde sider av dette, og analysere og drøfte undervisingsopplegget ut frå pedagogisk og fagdidaktisk teori.

Problemstillinga skal relaterast til eitt eller begge av dei overordna temaa «undervising og læring» og «klasseleiing» og knytast til eitt eller fleire av læringsutbyta som er skildra i emnebeskrivinga.

Formelle krav

Eksamenssvaret skal ha eit omfang på 3000–4000 ord (ikkje medrekna framside, litteraturliste og vedlegg). Bruk siste versjon av APA for referansar og litteraturliste.  All informasjon frå praksis skal anonymiserast, slik at det ikkje er mogleg å identifisere skule, lærarar, elevar og medstudentar. Dette gjeld både for semesteroppgåva og for deloppgåvene.

Eksamenssvaret skal innehalde desse komponentane:

  • Framside med kandidatnummer, emnekode og emnenamn, aktuelt semester og talet på ord i oppgåva
  • Presentasjon av problemstillinga
  • Kort presentasjon av undervisingsopplegget, inkludert beskriving av gruppa/klassen
  • Analyse og drøfting av undervisingsopplegget ut frå pedagogisk og fagdidaktisk teori samt erfaringar frå praksis
  • Grunngitte forslag til korleis undervisingsopplegget kan utviklast vidare
  • Konklusjon
  • Litteraturliste
  • Vedlegg: deloppgåve A

Eittfagsstudentar skal også leggje ved liste over sjølvvald tilleggslitteratur. Tilleggslitteraturen må vera godkjend av faglæraren.

Rettleiingsprosessen og delinnleveringar

Obligatorisk innlevering av deloppgåver

Undervegs i praksis samlar du inn datamaterialet du treng for å skrive semesteroppgåva, og delar av dette skal leverast inn i form av to obligatoriske deloppgåver. Deloppgåvene har som siktemål å strukturere datainnsamlinga, og dei vil også danne utgangspunkt for den obligatoriske rettleiinga.

Deloppgåvene skal leverast i læringsplattforma innan kl 16.00 fredag i siste praksisveke. Fagdidaktikar gir rettleiing på deloppgåve B.

Deloppgåve A – Undervisingsplan

Lag ein plan for det undervisingsopplegget som skal behandlast i semesteroppgåva. Bruk malen «Undervisingsplan». Det er ikkje nødvendig å fylle ut «Til bruk i veiledningssituasjoner».

For PPU Teach First (PPU3610T) gjeld Plan for undervising PPU TEACH FIRST

Deloppgåve B – Problemstilling for semesteroppgåva

Formuler eit forslag til problemstilling for semesteroppgåva, og forklar kvifor denne problemstillinga er relevant (50–100 ord).

Frivillig rettleiingsseminar

Etter praksis vert det arrangert eit rettleiingsseminar. Informasjon om tid, stad og påmelding vert gitt i læringsplattforma.

Studentane på PPU Teach First får tilbod om rettleiing i samband med praksisbesøket.

Eksamensinnlevering

Eksamenssvaret skal leverast i eksamensløysinga Inspera. Sjå informasjon om eksamen i Inspera på semestersida. Merk at semesteroppgåva skal leverast som eitt dokument, med deloppgåve A inkludert, sidan det ikkje er mogleg å laste opp vedlegg til eksamenssvaret i Inspera. Sjå innleveringsfrist for semesteroppgåva under «Eksamen: tid og stad» på semestersida.

Vurdering

Semesteroppgåva blir vurdert med karakterane A–F. Deloppgåvene vil ikkje bli vurderte.

Vurderingskriterium

Vurderingskriteria gir ei typebeskriving av svar på dei ulike nivåa. Eksamenssvar vil i praksis ofte ha innslag av ulike nivå, og vurderinga vil måtta vera basert på ei ganske stor grad av skjøn. Til dømes vil total mangel på fagkunnskap i pedagogikk og/eller fagdidaktikk gi karakteren «F - ikkje greidd», sjølv om kandidaten dokumenterer god refleksjons- og formidlingsevne.

Karakter/
UiO-beskriving

Problemformulering og stofftilfang

Vurderingsevne og sjølvstende

Språk, struktur og formalia

A Framifrå

Framifrå prestasjon som skil seg klar ut.

Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

Kandidaten utviklar ei klar og avgrensa problemstilling som er godt eigna til å kaste lys over læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori er svært relevant for problemstillinga, og kandidaten viser framifrå kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

Kandidaten argumenterer svært klart og sjølvstendig og underbyggjer med tilvising til pensumlitteratur. Kandidaten evnar tydeleg å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og empiri.

Språket er svært presist og sjølvstendig. Teksten er godt strukturert. Krav til innhald og formalia er oppfylte.

B

Mykje god

Mykje god prestasjon.

Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende. 

Kandidaten utviklar ei klar og avgrensa problemstilling som er mykje relevant for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori er mykje relevant for problemstillinga, og kandidaten viser mykje god kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

Kandidaten argumenterer klart og sjølvstendig og underbyggjer med tilvising til pensumlitteratur. Kandidaten evnar på ein god måte å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk og har ein nyansert og kritisk diskusjon av teori og empiri.

Språket er presist og sjølvstendig. Teksten er godt strukturert. Krav til innhald og formalia er oppfylte.

C

God

Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.

Kandidaten utviklar ei problemstilling som er relevant for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori er relevant for problemstillinga, og kjennskapet til og forståinga av pensumlitteraturen er prega av breidd og djupn utan klare manglar.

Kandidaten argumenterer til dels sjølvstendig. Kandidaten evnar å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk. Teori og empiri vert brukt stadfestande, med tillaup til nyansering og kritisk refleksjon.

Språket er jamt over godt og sjølvstendig. Teksten er strukturert. Krav til innhald og formalia er oppfylte.

D

Nokså god

Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjøvstende.

 

Kandidaten utviklar ei problemstilling som er relevant for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori har ein viss relevans for problemstillinga. Kandidaten syner ein rimeleg grad av kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

Oppgåvesvaret er prega av ein viss argumentasjon, men kan i nokon grad verka som meiningsytringar.
Kandidaten evnar berre i nokon grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk.
Teori og empiri vert brukt stadfestande og vert diskuterte, men på ein tidvis  lite nyansert og kritisk måte.

Språket er nokså godt, men lite sjølvstendig og prega av ein viss mangel på faguttrykk. Teksten har ein viss struktur. Krav til innhald og formalia er i rimeleg grad oppfylte.

E

Tilstrekkeleg

Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.

 

Kandidaten utviklar ei problemstilling som har noko relevans for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori har noko relevans for problemstillinga, men kan til tider vera noko perifert og tilfeldig. Kandidaten viser noko, men til tider mangelfull kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen.

Oppgåvesvaret er prega av tillaup til argumentasjon, men verkar i stor grad som meiningsytringar.
Kandidaten evnar berre i nokon grad å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk. Teori og empiri blir presenterte og diskuterte, men på ein lite nyansert og kritisk måte.

Oppgåvesvaret er i hovudsak  forståeleg, men språket er usjølvstendig eller noko prega av uklarleikar. Mangel på faguttrykk er framtredande. Teksten har tillaup til struktur. Krav til innhald og formalia er i nokon grad oppfylte.

F

Ikkje greidd

Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

 

Kandidaten utviklar ei problemstilling som har liten eller ingen relevans for det læringsutbytet som er ført opp i emnebeskrivinga. Tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori har liten relevans for problemstillinga, kjennskapen til og forståinga av pensumlitteraturen er svært mangelfull.

Oppgåvesvaret er prega av usamanhengande argument som verkar som meiningsytringar. Kandidaten ser i liten eller ingen grad samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk. Teori og empiri er i stor grad fråverande.

Oppgåvesvaret er forståeleg, men språket er uklart og/eller forvirrande. Mangel på faguttrykk er framtredande. Teksten er utan tillaup til struktur. Krav til innhald og formalia er i liten eller ingen grad oppfylte.

Publisert 24. jan. 2019 16:26 - Sist endret 28. jan. 2019 14:00