Slik motiverer du barn med Down syndrom til å lære

I anledning Verdsdagen for Down syndrom 21. mars: Professor Kari-Anne Bottegaard Næss ved Institutt for spesialpedagogikk retter fokus mot korleis læraren kan skape engasjement og motivere til nysgjerrighet og utforsking hos barn med Down syndrom.

Ettersom barn med Down syndrom ofte strever meir enn andre barn i læringssituasjonar, har dei eit stort behov for tilpassa undervisning og for ei sterk drivkraft og motivasjon til å prøve på nytt når det oppstår motgang (Illustrasjonsfoto:Colourbox).

Omgrepet motivasjon kjem frå det latinske ordet movere og betyr «å bevege». Motivasjonsforskarar definerer også motivasjon som drivkrafta bak våre handlingar og reaksjonar. Det er den drivkrafta vi kjenner på når vi engasjerer oss i noko, når vi utforskar, er nysgjerrige og når vi har godt uthald.

Motivasjon til å lære

I skolen er motivasjon til å lære ein avgjerande faktor både hos eleven og læraren. Motivasjonen til eleven kan målast ut ifrå innsats og uthald i ulike læringsaktivitetar.

–  Det er viktig å hugse på at motivasjonen til eleven ikkje er det einaste avgjerande. Interessa og den personlege motivasjonen til læraren har stor betyding for val og gjennomføring av læringsaktivitetar, noko som sjølvsagt påverkar eleven sitt engasjement og innsats, påpeker Bottegaard Næss.

Kva er det som er så spesielt med motivasjonen til barn med Down syndrom?

Næss er opptatt av at barn med Down syndrom skal få dei same moglegheitene som andre barn når det gjeld å bli motivert for læring.

– Mange trur at barn med Down syndrom har svak motivasjon. Forskingsoppsummeringar viser imidlertid at de kkje er mindre motiverte til å lære samanlikna med barn på same funksjonsnivå, men det kan vere vanskeleg for lærarane å finne ut kor dei skal leggje lista når det gjeld nye utfordringar, forklarer Bottegaard Næss.

Mange lærarar undervurderer evna til desse barna og legg lista altfor lågt, mens andre har litt for høge ambisjonar på vegne av eleven.

Mennesket er skapt slik at dersom vi på den eine sida får altfor enkle oppgåver, mister vi både motivasjon og interesse, mens vi på den andre sida kan gi opp dersom oppgåvene blir for vanskelege.

– Ettersom barn med Down syndrom ofte strever meir enn andre barn i læringssituasjonar, har dei eit stort behov for tilpassa undervisning og for ei sterk drivkraft og motivasjon til å prøve på nytt når det oppstår motgang, presiserer Bottegaard Næss.

Barn med Down syndrom i fare for å miste mange læringsmoglegheiter

Låge forventningar, overdriven hjelp, bruk av ytre påskjøning eller gjentekne nederlag kan i verste fall medføre det som i psykologien blir kalla «lært hjelpeløyse». Det vil seie at barnet lærer at eigne handlingar ikkje har betyding for eigen læring og trivsel, at det er fullstendig avhengig av kva andre gjer. Lært hjelpeløyse kan føre til depresjon i voksen alder.

Dersom læraren ikkje bidreg til å engasjere barn med Down syndrom og støtte dei i læringssituasjonen, står dei i fare for å miste mange læringsmoglegheiter, meiner Bottegaard Næss.

Viss barna ikkje får nok utfordringar står dei i fare for å gå glipp av viktige erfaringar ein vanlegvis gjer seg ved å oppleve å mestre. 

Still krav og gje støtte av passande omfang: bygg stillas!

Det er avgjerande for læring og utvikling at det blir stilt krav og gitt støtte av passande omfang og type. Dette vil kunne bidra til å motivere elevar med Down syndrom til å stå i læringssituasjonen og arbeide med oppgåver som gjev potensiale for læring.

– Vi pedagogar tenkjer på dette med balansen av krav og støtte som stillasbygging forklarer Bottegaard Næss.

– Vi bygger stillas ved at vi sikrar at barna forstår orda vi bruker og oppgåva som skal gjerast, og vi bygger stillas når vi forenklar oppgåva og bryt den opp i delspørsmål, delaktivitetar og/eller delmål.

Der medelever klarer å bryte ned innhaldet i mindre deler og velje rett tilnærming, må ofte barn med Down syndrom få hjelp til dette. Forsking viser at det er nettopp oppgåver med svak indre struktur som stiller strengare krav til eleven sin eigen evne til å lage strategiar for å gripe fatt i dei, som gjer det vanskeleg for dei som strever med å oppretthalde fokus og innsats.

– Vi må rett og slett bli flinkare til å lage strukturar som dei kan putte sitt innhald i. Når dei skal skrive om kva dei gjorde i påskeferien for eksempel, så hjelper det veldig om dei kan skrive inn orda sine i ein mal, kor dei får hjelp til å strukturere tankane sine. Det kan vere så enkelt at det står: "Kor var du?", "Kven var du saman med?", "Kva skjedde / kva gjorde dere?".  Så tek vi bort stillaset med spørsmål og vipps så har dei også har skrive ein god samanhengande tekst!

Bottegaard Næss avsluttar med å seie at læraren har ein svært viktig rolle kor dei kontinuerlig må vurdere kva for former for støtte eleven treng  for å fullføre aktiviteten og samtidig oppleve mest mulig sjølvstendig mestring og motivasjon for vidare læring.

 

Kilder:

  • Smith, L., Hokstad, S., Mjøberg, A. G., Sckanke, H., Engedal, H, & Næss, K.-A., B. (2017).
    Motivation in children with Down syndrome: Preliminary results from  a systematic review. Oral presentation DownsEd Research Forum Meeting, UK.
  • Gilmore, L., & Cuskelly, M. (2009). A longitudinal study of motivation and competence in children with Down syndrome: Early childhood to early adolescence. Journal of Intellectual Disability Research, 53(5), 484-492. doi: 10.1111/j.1365- 2788.2009.01166.x
  • Gilmore, L., & Cuskelly, M. (2011). Observational Assessment and Maternal Reports of  Motivation in Children and Adolescents With Down Syndrome. American Journal on Intellectual and Developmental Disabilities, 116(2), 153-164. doi: 10.1352/1944- 7558-  116.2.153
  • Gilmore, L. & Cuskelly, M. (2014). Mastery motivation in children with Down syndrome. In: R., Faragher & B. Clarke, Education Learners with Down Syndrome – Research, theory, and practice with children and adolescents (p 60-83). London: Routledge.
  • Wood, D., Bruner, J. S., & Ross, G. (1976). The role of tutoring in problem solving. Journal of child psychology and psychiatry, 17(2), 89-100.
  • Wishart, J. (2001) Motivation and learning styles in young children with Down syndrome. Down Syndrome Research and Practice, 7(2), 47-51. doi:10.3104/reports.113
  • Eccles, J. S., & Wigfield, A. (2002). Motivational beliefs, values, and goals. Annual review of psychology53(1), 109-132
  • Nolen, S. B., Horn, I. S., & Ward, C. J. (2015). Situating motivation. Educational Psychologist50(3), 234-247.
Av Marika Vartun, Julia Boesen og Dilman Nomat
Publisert 21. mars 2018 07:16 - Sist endret 21. mars 2018 10:12