Om prosjektet
Måten vi les på har endra seg drastisk. Lesemediet har gått frå handskrivne og trykte tekstar som aviser, magasin og bøker, til i aukande grad å involvere skjermbasert lesing på berbare datamaskiner, nettbrett og smarttelefonar, der ein kan lese eller til og med lytte til tekst.
Sjølv om milliardar av menneske no les på nye måtar på skjermane sine, har lite forsking undersøkt utfordringane og moglegheitene som følger av lesing i forskjellige format, og enda mindre forsking har undersøkt korleis desse raske endringane påverkar leseopplæringa i skulane. Dette store kunnskapsgapet er ei viktig drivkraft bak prosjektet FRAME.
For å fange opp ulike stemmer og perspektiv på både leseopplæring og lesepraksis i digitale ungdomsskular, vil FRAME bruke eit blanda forskingsdesign som trekker på kvalitative og kvantitative metodar, i ein kombinasjon av klasseromsvideo, skjermopptak og elevane sine fysiologiske data under lesing for å fange opp pågåande undervisningspraksis, intervju for å utforske lærarane og elevane si oppfatning om lesing i ulike format, og spørjeundersøkingar blant lærarar for å identifisere opplevde utfordringar og moglegheiter ved leseundervisning på tvers av papir, skjerm og lyd.
Mål
- Forstå korleis kombinasjonen av trykte medium, skjerm og lyd påverkar både leseopplevinga og leseopplæringa i dagens digitale ungdomsskuleklasserom
- Utvikle ny og ettertrakta kunnskap om korleis lærarar implementerer leseopplæring i klasserommet
- Undersøke kva for effekt leseopplæring har på eleven si leseoppleving og åtferd
- Identifisere lærarar og elevar sitt perspektiv på lesepraksis som er både god og utfordrande, for å foreslå implikasjonar for framtidig leseopplæring.
Desse måla er svært relevante for å sikre leseopplæring av høg kvalitet i digitaliserte samfunn – der lesing skjer på tvers av skjermar, papir og lyd.
