«Operasjon sjølvdisiplin» er ifølge forlaget «ei sjølvhjelpsbok for deg som sit fast i tidsklemma med for mykje scrolle-tid og som hatar sjølvhjelpsbøker». Legg frå deg telefonen og kom på lesesirkel! (Omslag: Menn uten midje/Samlaget)
Arrangementet er ein del av prosjektet «Lesespiralen» - ein lesesirkel for lærarstudentar, i regi av norskseksjonen ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS). Denne gongen er det sakprosaboka «Operasjon sjølvdisiplin» av Agnes Ravatn som skal under lupa. Og kven treng vel ikkje litt meir sjølvdisiplin i desse dagar?
Alle er velkomne til å delta i lesesirkelen. Rett etterpå spelar «Menn uten midje kan også lese» inn podkastepisode direkte i Kjellaren på Helga Engs hus, og her er alle interesserte varmt velkomne til å vere med.
Bli rikskjendis!
«Menn uten midje kan også lese», Alexander H. Sandtorv og Kristopher Schau, seier sjølv om arrangementet: «Vi kjem til kjellaren på Helga Engs hus for å snakke med dykk om «Operasjon sjølvdisiplin». Men de skal òg snakke med oss! Litteratur er best når ein deler».
«Og om du tenkjer at dette skal vere din augeblink til å verte rikskjendis, så vil vi òg by på ein mikrofon. Du får moglegheita til å hamne på tape. Så vakt orda dine», seier Schau.
«Lesespiralen» er ein lesesirkel der alle som vil vere med les same boka og møtest for å diskutere ho. Om lesesirkelen heiter det: «Saman får vi litt meir erfaring med å diskutere litteratur, stille kvarandre gode spørsmål og sjå at ulike perspektiv kan få oss til å oppdage fleire sider ved boka».
Program 17. mars
17.00-18.00: Lesesirkel. Vi møtest for å diskutere «Operasjon sjølvdisiplin» i Kjellaren på Helga Engs hus.
18.00: Dørene opnar for publikum.
18.15: Direktesend podkastepisode med «Menn uten midje kan også lese».
Praktisk informasjon
Kven kan delta? Alle som vil, men meld deg gjerne på! Lesesirkelen varer fra 17.00-18.00.