Sensorrettleiing - nynorsk

Sensorrettleiing for PPU-emna og lektorprogramemna PROF3025 og PROF4045.

Generelt om eksamensformene

Kvar eksamen integrerer pedagogikk og eitt fagdidaktisk fag. Sensorane skal vurdere kompetansen til kandidatane innanfor begge fagfelt, og dessutan evne å sjå samanhengar mellom desse. Dersom kandidaten ikkje viser eit minimum av fagkunnskap i pedagogikk eller fagdidaktikk, skal eksamenssvaret samla sett vurderast til karakteren F, sjølv om kandidaten har store kunnskapar i det andre fagfeltet.

Til alle eksamenar er det eit sett av vurderingskriterium. Desse beskriv typiske trekk ved svar på dei ulike karakternivåa. Det enkelte svaret vil likevel ofte ha trekk frå ulike nivå, og sensorane må bruke sitt faglege skjøn for å avgjere kva slags karakter svaret samla sett bør få. 

I semesteroppgåva og FoU-oppgåva seier vurderingskriteria at den problemstillinga eller det temaet kandidatane vel å skrive om, skal vere relevant for læringsutbytet for emnet (dvs. eitt eller fleire av punkta under «Kva lærer du?» i emnebeskrivinga). I vurderinga av relevansen blir sensorane bedne om å vise romslegheit og vere opne for at kandidaten kan tolke dette på ulike måtar. Viss studenten ikkje evner å uttrykke relevansen eksplisitt, er ikkje dette ei kritisk svakheit ved svaret.

Semesteroppgåva og FoU-oppgåva har omfangsavgrensingar. Desse er angitte som intervall (t.d. 3000–4000 ord). Kandidatane blir ikkje gitt noko slingringsmonn utover dette, og viss svaret er for kort eller langt, skal dette ifølge vurderingskriteria reknast som ei svakheit. Kor store konsekvensar dette vil ha for karakteren, kjem an på kor stor overskridinga er, og sensorane må også sjå dette i samanheng med dei andre styrkane til svaret og svakheiter når dei gir si samla vurdering.

I PPU og dei profesjonsfaglege emna inngår det ei rekke førelesingar som tek opp tema som ikkje er fullt ut dekte i pensumlitteraturen. Dersom kandidatane ønskjer å oppgi førelesingar som kjelder, har dei derfor høve til det. Tilvisinga bør då følge APA-norma for tilvising til munnlege kjelder. Det bør likevel reknast som ei svakheit ved eit svar viss kandidaten viser til ei førelesing i staden for ein pensumtekst som dekker det same temaet.

Kandidatar som leverer skriftlege eksamenar i engelskdidaktikk, kan velje om dei vil skrive svaret på engelsk eller norsk (eventuelt svensk eller dansk). Val av språk skal ikkje påverke vurderinga.

Uansett kva språk kandidaten vel å skrive på, vil det vere behov for å vise til pensumlitteratur der språket er eit anna enn i kandidaten sitt svar. Det er ikkje nødvendig å omsetje omgrep eller direkte sitat frå originalsproget.

Til kvar eksamen er det utarbeidd ei samling av svar på ofte stilte spørsmål. Desse har vore tilgjengelege for studentane, og dei blir også sendt til sensorane.

Eksamen for eittfagsstudentar

Informasjonen i neste avsnitt gjeld berre for eittfagsstudentar på PROF3025 og PROF4045. Eittfagsstudentar på PPU deltid og PPU heiltid skal nytte det ordinære pensumet i sitt fagdidaktiske fag.

Studentar som berre har eitt fagdidaktisk fag (eittfagsstudentar), skal legge opp eit tilleggspensum i dette fagdidaktiske faget. Den enkelte studenten vel tekstar til tilleggspensumet sitt i samråd med faglærar i fagdidaktikk. Semesteroppgåva og FoU-oppgåva er eksamenar i pedagogikk og i tilleggspensumet i fagdidaktikk. Sensor får tilgang til lista over tilleggspensum og skal vurdere eittfagsstudentane sin kompetanse i dette fagstoffet. Det er ikkje forventa at eittfagsstudentane viser til alle tekstar i tilleggspensumet, berre dei som er relevante for å svare på oppgåva. Eittfagsstudentar står fritt til å trekke inn litteratur frå det ordinære pensumet viss dei finn det relevant, men det er ikkje påkravd.

Semesteroppgåva

I semesteroppgåva skal kandidatane bruke den pedagogiske og fagdidaktiske kunnskapen dei har tileigna seg i studiet, til å analysere og drøfte eit undervisingsopplegg dei har planlagt, observert eller gjennomført i praksisperioden. Analysen og drøftinga skal ta utgangspunkt i ei sjølvvald problemstilling, og oppgåva skal munne ut i grunngitte forslag til korleis undervisingsopplegget kan vidareutviklast.

Arbeidet med oppgåva går gjennom heile semesteret. Studentane får tilbod om éin rettleiingssamtale. Planen for undervisingsopplegget blir lagd ved semesteroppgåva som tilleggsinformasjon til sensor, men skal ikkje vurderast. 

Oppgåveinstruks og vurderingskriterium for semesteroppgåva

Videocaseeksamen

I videocaseeksamen skal kandidatane observere eit videoklipp som viser ein eller fleire klasseromssituasjonar. Kandidatane blir gitt ei oppgåve med ei fagspesifikk problemstilling. Kandidatane skal beskrive observasjonane sine i lys av oppgåveteksten og så drøfte problemstillinga i lys av både pedagogikk og det fagdidaktiske faget til kandidaten. Denne eksamensforma prøver dermed evna til  kandidatane både til å lese klasserommet med eit profesjonelt blikk, og til å forstå korleis generelle utfordringar i lærarar si yrkesutøving blir aktualiserte i eit bestemt skulefag.

Eksamen blir gjennomført i den nettbaserte eksamensløysinga Inspera. Kandidatane kan ta eksamen heimanfrå, og dei har alle hjelpemiddel tilgjengelege under arbeidet. Dei har berre fem timar til å sjå videoklippet og skrive svaret, så dei vil i liten grad ha tid til å lese seg opp på pensumlitteraturen undervegs. Fordi tida er knapp, blir det ikkje stilt krav om at kandidatane skal utarbeide ei litteraturliste eller følge ei bestemd norm for litteraturtilvisingar. I vurderinga skal sensorane primært fokusere på den faglege kunnskapen om og forståinga av pedagogikk og fagdidaktikk som kandidatane viser.

Oppgåveinstruks og vurderingskriterium for videocaseeksamen

FoU-oppgåva

I FoU-oppgåva skal kandidatane i løpet av praksisperioden samle inn empiri som kan klargjere ei side av yrkesutøvinga deira. Denne empirien skal analyserast og diskuterast ut frå pedagogisk og fagdidaktisk kunnskap, og oppgåva skal munne ut i ein refleksjon over korleis kandidaten kan vidareutvikle seg som lærer. Det er viktig at FoU-oppgåva ikkje blir vurdert som eit forskingsarbeid der kandidaten er forventa å komme fram til generaliserbar kunnskap om skule og undervising; poenget med oppgåva er at kandidaten skal finne ut noko om seg sjølv og si eiga utøving av læraryrket. I vurderinga av metode og empiri skal sensorane ta stilling til kor godt eigna desse er til å klargjere problemstillinga til oppgåva; det krevst ikkje at kandidaten viser til metodelitteratur, eller at empirien er spesielt omfattande.

Arbeidet med oppgåva går gjennom heile semesteret. Kandidatane får tilbod om to rettleiingssamtalar.

Oppgåveinstruks og vurderingskriterium for FoU-oppgåva

Munnleg eksamen

Formelle rammer og vurderingskriterium

Grunngiving for karakter

ILS har ei ordning med automatisk grunngiving for eksamenskarakterar. Dette betyr at alle kandidatar får grunngivinga saman med karakteren utan å måtte be om han. Grunngivingane skal utarbeidast av begge sensorar i fellesskap under sensurmøtet. Grunngivingane bør ta utgangspunkt i dei generelle vurderingskriteria, men skal ikkje berre vera ei attgjeving av desse. Kandidatane må få tydeleg informasjon om korleis ulike sider av nettopp deira svar har blitt vurdert. Sensorane får tilsendt døme på korleis grunngivingar bør skrivast.

Grunngivingane blir skrivne i Inspera: https://support.inspera.com/hc/no/articles/360033180812-Administrerte-begrunnelser-for-sensor  

Retningslinjer for karaktergrunngiving for semesteroppgåva

Skriv eit kort avsnitt under kvar overskrift. Peik på konkrete stader/formuleringar i svaret som ein del av grunngivinga. Vektlegg dei trekka ved svaret som har hatt særleg betyding for karakteren. Spørsmåla under kvar overskrift blir rekna som rettleiande for å utarbeide grunngivinga.

Problemstilling og stofftilfang

  • Kor klart formulert og godt avgrensa er problemstillinga?
  • Kor relevant er problemstillinga for læringsutbytet som er angitt i emneskildringa?
  • Kor relevant er tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori for problemstillinga?
  • Kor god er kandidaten si forståing av og kjennskap til pensumlitteraturen?

Vurderingsevne og sjølvstende

  • Kor klar og sjølvstendig er argumentasjonen til kandidaten?
  • Kor godt blir argumentasjonen underbygd av tilvising til pensumlitteratur?
  • Kor godt evnar kandidaten å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk?
  • Kor nyansert og kritisk er diskusjonen av teori og empiri?

Språk, struktur og formalia

  • Kor presist og sjølvstendig er språket?
  • Kor godt strukturert er teksten?
  • I kva grad er kravet oppgåveteksten har til innhald og formalia oppfylt?

Oppsummering 

Gi ei oppsummering til slutt  i 1–2 setningar som samanfattar grunngivinga for karakteren.

Retningslinjer for karaktergrunngiving for videocaseeksamen

Skriv eit kort avsnitt under kvar overskrift. Peik på konkrete stader/formuleringar i svaret som ein del av grunngivinga. Vektlegg dei trekka ved svaret som har hatt særleg betyding for karakteren. Spørsmåla under kvar overskrift blir rekna som rettleiande for å utarbeide grunngivinga.

Observasjon og stofftilfang

  • Kor godt svarar kandidaten på oppgåveformuleringa?
  • Kor relevant er tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori og eventuelt praksisdøme for oppgåva?
  • Kor god er kandidaten sin kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen?

Vurderingsevne og sjølvstende

  • Kor klar og sjølvstendig er argumentasjonen til kandidaten?
  • Kor godt blir argumentasjonen underbygd av tilvising til pensumlitteratur?
  • Kor godt evner kandidaten å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk?
  • Kor nyansert og kritisk er diskusjonen av teori og eventuelle praksisdøme?

Språk, struktur og formalia

  • Kor presist og sjølvstendig er språket?
  • Kor godt strukturert er teksten?

Oppsummering

  • Gi ei oppsummering til slutt i 1–2 setningar som samanfattar grunngivinga for karakteren.

Retningslinjer for karaktergrunngiving for FoU-oppgåva

Skriv eit kort avsnitt under kvar overskrift. Peik på konkrete stader/formuleringar i svaret som ein del av grunngivinga. Vektlegg dei trekka ved svaret som har hatt særleg betyding for karakteren. Spørsmåla under kvar overskrift blir rekna som rettleiande for å utarbeide grunngivinga.

Problemstilling og stofftilfang

  • Kor klart formulert og godt avgrensa er problemstillinga?
  • Kor relevant er problemstillinga for læringsutbyttet som er angitt i emneskildringa?
  • Kor relevante er metoden(e) og empiriresultata frå undersøkinga for å belyse problemstillinga?
  • Kor relevant er tilfanget av pedagogisk og fagdidaktisk teori for problemstillinga?
  • Kor god er kandidaten sin kjennskap til og forståing av pensumlitteraturen?

Vurderingsevne og sjølvstende

  • Kor klar og sjølvstendig er argumentasjonen til kandidaten?
  • Kor godt blir argumentasjonen underbygd av tilvising til pensumlitteratur?
  • Kor godt evner kandidaten å sjå samanhengar mellom pedagogikk og fagdidaktikk?
  • Kor nyansert og kritisk er diskusjonen av teori og empiri?

Språk, struktur og formalia

  • Kor presist og sjølvstendig er språket?
  • Kor godt strukturert er teksten?
  • I kva grad er kravet oppgåveteksten har til innhald og formalia oppfylt?

Oppsummering

Gi ei oppsummering til slutt i 1–2 setningar som samanfattar grunngivinga for karakteren.

 

 

Oppsummering

Gi ei oppsummering til slutt i 1–2 setningar som samanfattar grunngivinga for karakteren.

Annan informasjon til sensorar

I tillegg til denne sensorrettleiinga får sensorane tilsendt:

  • Rettleiing for gjennomføring av sensur i Inspera
  • Oppgåveformulering og vurderingskriterium for den aktuelle eksamensforma
  • Emnebeskrivinga for det emnet som eksamen inngår i
  • Pensumlister i pedagogikk og fagdidaktikk
  • Ofte stilte spørsmål om eksamensforma

Viss noko av dette materialet manglar, ver venleg og ta kontakt med studieadministrasjonen ved ILS.

Publisert 20. sep. 2024 12:53 - Sist endret 10. nov. 2025 15:11